10.02.2012

– Ludvig elska folk og media

SJÅ TV-REPORTASJE: Kunstnaren Ludvig Eikaas (1920 - 2010) døydde søndag.

Ludvig Eikaas var oppteken av folk, uansett bakgrunn, og han elska å flørte med media.

Stig Eikaas (Foto: NRK)

SONEN: Stig Eikaas minnest ein stor kunstnar og eit stort medmenneske.

Foto: NRK

Det seier son til jølsterkunstnaren som søndag sovna stille inn etter lang tids sjukeleie.

LES OGSÅ:

Humor og ablegøyer

Stig Eikaas minnest far sin som ein allsidig kunstnar, poet og ikkje minst ein humorist som elska å vere i rampelyset.

– Han var ein mediekunstnar som med sine mange ablegøyer elska å vere i media og flørte med media, seier Eikaas.

Sonen legg ikkje minst vekt på medmennesket Ludvig Eikaas.

– Han snakka med alle

– Uansett kva rang du hadde i samfunnet, så var han like interessert, og diskuterte meir enn gjerne. Han brukte energi på alle menneske, utan å stille spørsmål om bakgrunn. Han kunne knapt namna nokon av dei han snakka med, men skapte ein veldig vibrasjon då han diskuterte. Han skapte eit fellesskap. Han elska kafelivet på Blom og Theatercafeen.

Stig Eikaas tyr til eit latinsk ordtak når han skal skildre faren som menneske: «Jeg er et menneske og intet menneske er meg fremmed.»

Ein spontan kunstnar

Stig Eikaas som også har gått kunstens veg, skildrar ein spontan kunstnar.

– Det som kjenneteikna han var vitalitet og impulsivitet. Han fekk ein idé og måtte spontant utrykke dette i eitt eller anna materiale.

Nettopp det at faren nytta mange ulike materiale trur Stig Eikaas var ein styrke, men også ein veikskap.

– Kunne tent på færre uttrykk

– Han jobba i mange retningar, og heldt seg ikkje innan eitt utrykk. Slik som til dømes Widerberg og Weidemann. Han hadde kanskje fått eit betre varemerke ute i folket ved å ikkje spreie seg så mykje. Men eg har lyst å trekkje fram kvalitetar som eg har vore veldig oppteken av, nemleg poesien til Ludvig. Den finn ein i måleria frå 1940- og 1950-talet med gråtonane, grøntonane, svart kvitt. Nonfigurativt inspirert, seier Eikaas.

Denne perioden var det primært Gunnar S. Gundersen frå Høyanger som var Eikaas sin kompanjong og som han arbeidde saman med.

– Reint teknisk og kunsthistorisk hadde han nok tent på å halde seg innan eitt uttrykk, trur Stig Eikaas.

Tungt på slutten

Han seier det har vore tungt å sjå faren desse siste åra når han ikkje lenger makta å uttrykkje seg gjennom kunsten.

– Det gjorde han ikkje akkurat lystig at han ikkje kunne lage bilete sidan 2001. Tida var moden no. Han slapp fri, og det tykkjer eg er godt, seier Eikaas som kunstnarfaren som hadde fylt 90 år i år.