10.02.2012

Løpstalent sette to ny rekordar

Sander Sekkingstad Terum (Foto: Olav Terum)

Sander Sekkingstad Terum har gjort det bra under UM i helga.

Foto: Olav Terum

Unge friidrettstalent kunne reise heim med 21 medaljar etter Ungdomsmeisterskapen i Molde i helga.

17-åringen Sander Sekkingstad Terum frå Aurland sette i helga to aldersrekordar for Sogn og Fjordane.

I dag sprang han inn til den sterke tida 1.55.54 på 800 meter. Dette heldt til ein 5. plass, eit knapt halvsekund bak bronseplassen.

Nær kvalik-kravet

Det var heile 21 løparar som stilte til start på 800 meter, og 12 av desse hadde som utgangspunkt ein personleg rekord på under to minutt.

– Løpet til Terum på 800m er berre 55 hundredelar bak kvalifiseringskravet til neste års senior-NM på Byrkjelo, seier Narve Heggheim som er leiar i friidrettskrinsen.

Laurdag vart det også ny rekord då han sprang 2000 meter hinder. Her stoppa klokka på 6.08.06, og det heldt til sølvmedalje.

Kjerpeset sette meisterskapsrekord

Sogn og Fjordane stilte med ein tropp på 32 utøvarar frå klubbar i heile fylket. Og det vart mange gode restultat. Utøvarane henta heim fem gull, sju sølv og bronse.

Øyvind Strømmen Kjerpeset (Foto: Rune Fossum/NRK)

Øyvind Strømmen Kjerpeset sette ny meisterskapsrekord (arkivfoto)

Foto: Rune Fossum/NRK

Øyvind Strømmen Kjerpeset frå Florø T&IF sette ny meisterskapsrekord på 400m hekk med tida 52,75. Dette er berre ein hundredel bak personleg rekord.

Gull på 1500 meter hinder

Mari Sollid Eide, Sandane T&IL sikra gull på 1500 meter hinder og sølv på 2000 meter med veldig sterke tider for klassen J15.

Narve Heggheim seier at det vart eit god meisterskap, sjølv om nokre i toppen i enkelte øvingar ikkje hadde klaff og fekk markert seg som venta.

– Det er gledeleg å sjå at det kjem opp løparar som markerer seg og fire av fem gull kjem i løpsøvingar. Tradisjonelt har ein henta heim mest medaljer i tekniske øvingar, men her gjekk det litt stang ut i årets meisterskap for fleire.

Klare for NM på heimebane

Fleire ungdomsutøvarar alt har klart kravet til senior NM på Byrkjelo til neste år, medan nokre er veldig nær.

– Med god trening i vinter vil nok mange av dei unge vere i aksjon på Byrkjelo i august, trur han.

Kommentarsystemer er levert av DISQUS. NRK står ikke ansvarlig for misbruk av Disqus gjennom andre installasjoner enn på NRK.