10.02.2012

Johanna: - Det var fantastisk kult

Johanna Knudsen i MGPjr 2010

  • Glade finalistar - Johanna Knudsen i midten på biletet.
  • Johanna gjorde ei solid framføring under finalen.
  • Johanna saman med programleiarane Kåre Magnus Bergh og Ingrid Gjessing Linhave.
  • Ho måtte skrive mange autografar til jublande fans.
  • - Dette var fantastisk kult, sa 12-åringen etter finalen.
  • Slekt og vener på plass i Oslo Spektrum.
  • Bestevenninnene Ana Cecilie Eikås, Iselin Thorsen, Natalie Kjeilen Johnsen, Åshild Hopland og Matilde Oline Gjesdal hadde kome frå Jølster for å heie på Johanna.
  • Pappa Jan og søster Kristina Knudsen var spente før finalen.

12 år gamle Johanna Knudsen frå Jølster gjorde ein flott innsats under MGPjr i Oslo Spektrum laurdag kveld.

Og sjølv om ho ikkje var mellom dei fire som gjekk vidare til superfinalen med songen «Følg din drøm», deppar ho ikkje.

– Det var sinnsjukt kult og eg ville gjort det igjen, og det var utruleg kjekt at så mange hadde kome for å heie på meg, seier ho til NRK rett etter at TV-sendinga er over.

– Var kjempekjekt

Johanna var plukka ut mellom 400 innsendte bidrag, og vart ein av ti finalistar som fekk stå på scena i kveld. Rett før ho skulle opptre, sa ho at ho hadde gode sommarfuglar i magen. Ein fullstappa sal med 4000 publikummarar venta på det unge talentet.

– Dette var kjempekjekt, sa ho rett etter at ho var ferdig med sin opptreden som siste finalist.

– Torstein fortente å vinne

Etter at alle ti finalistane var ferdige, var det pauseunderhaldning medan folk kunne stemme. Fire av dei som fekk flest stemmer gjekk vidare til superfinalen. Dei som fekk synge ein gong til var Julie, Alexandra, Torstein og Murphys LaW. Til slutt var det tiåringen Torstein frå Møre og Romsdal som kunne heve MGPjr-trofeet.

– Torstein fortente å vinne, seier ho.

Johanna Knudsen (Foto: Eirin Aardal/NRK)

Johanna var ei populær jente etter at finalen var over.

Foto: Eirin Aardal/NRK

Mange ville ha autografen

No tykkjer ho det er synd at ho ikkje kan vere med neste år, for det er ein regel som seier at ein artist ikkje kan vere med to år på rad.

– For dette har vore ei flott oppleving. Eg har hatt det fantastisk, kosa meg og blitt kjent med masse nye folk.

Etter at finalen var ferdig, var det mange som ville ha autografen hennar. Det tykte ho var artig.

– Men no skal vi feire, fortel ho, og legg til at denne opplevinga har gjort at ho vil drive med musikk vidare.

Ana Cecilie Eikås, Iselin Thorsen, Natalie Kjeilen Johnsen, Åshild Hopland, Matilde Oline Gjesdal (Foto: Eirin Aardal/NRK)

Ana Cecilie Eikås, Iselin Thorsen, Natalie Kjeilen Johnsen, Åshild Hopland og Matilde Oline Gjesdal heier på Johanna.

Foto: Eirin Aardal/NRK

– Alltid flinkast i musikk

Fem spente jenter var på plass i Oslo Spektrum for å sjå bestevenninna synge. Ana Cecilie Eikås, Iselin Thorsen, Natalie Kjeilen Johnsen, Åshild Hopland og Matilde Oline Gjesdal hadde stor tru på bestevenninna si.

– Vi trur ho vinn, for ho har ei bra stemme og ein bra tekst. Johanna har alltid vore flinkast av oss i musikktimane, og då ho gjekk vidare til finalen, så feira vi ho med kake, fortalde dei før dei gjekk inn i salen.

– Ho klarte seg veldig bra

Jan og Kristina Knudsen (Foto: Eirin Aardal/NRK)

Jan og Kristina Knudsen er far og søster til Johanna. Dei er utruleg stolte.

Foto: Eirin Aardal/NRK

60-70 personar frå Jølster var tilstades for å heie på Johanna. Faren, Jan Knudsen, var tidlegare i dag veldig nervøs. Men etter å ha sett generalprøven var han rolegare.

– Ho klarte seg veldig bra på scena, sa han like før finalen starta.

Stolt søster

Også søstera Kristina er i Spektrum. Ho hadde ikkje sett generalprøven og gledde seg veldig.

– Eg er så utruleg spent og stolt, eg kjem til å byrje å grine.

Slekt og vener frå Jølster (Foto: Eirin Aardal/NRK)

Slekt og vener frå Jølster er på plass i Spektrum.

Foto: Eirin Aardal/NRK
Kommentarsystemer er levert av DISQUS. NRK står ikke ansvarlig for misbruk av Disqus gjennom andre installasjoner enn på NRK.