10.02.2012

Tornado Måløy vann toppkampen

Årdal -Tornado Måløy (Foto: Siren B. Svortevik)

Tornado Måløy kunne ta med seg tre poeng heim i dag.

Foto: Siren B. Svortevik

Heile 24 mål var det skåra i 3. divisjon laurdag ettermiddag. Tornado Måløy vann, og dermed er Årdal ute av opprykkskampen.

Toppkampen mellom Årdal og Tornado Måløy enda med tap for sogningane. For Tornado Måløy-trenaren Geir Ove Refvik vart dette ein god laurdag.

– Vi var veldig usikre før denne kampen. Etter tap mot Fjøra og en kamp under pari mot Florø, visste vi ikke helt hvor vi stod spelemessig. Vi var spente på om det var tilfeldigheiter, men i dag var vi tilbake.

– Vi var best

Refvik seier at Årdal er eit lag som står godt til deira spelestil. Han er ikkje i tvil om at det beste laget vann.

– Men årdølene var farlege på dødballar og hadde eit visst trykk. Men eg vil seie at det var ein vel fortent siger. Vi vann på at vi hadde gode bevegelsar og var offensive.

– Kvilar ikkje på poenga

Etter denne kampen har dei 43 poeng og innehar framleis topplassen på tabellen. Stryn har 38, medan Årdal har 35 poeng.

– Vi leiar med fem poeng, men kan ikkje kvile på dei poenga vi har. Det er fem kampar att, og målet vårt er å vinne divisjonen.

Måla i dagens kamp var skåra av Endre Kupen (2), Joachim Forthun og John Martin Gil. Årdal sitt eine mål kom frå Endre Kupen.

Slik enda dei andre kampane

Det var ein målrik laurdag med heile 24 mål fordelt på fire kampar.

Stryn vann 9-0 over Sandane, medan kampen Dale - Eid enda 2-7. Vik klarte 1-0 mot Florø.

Jølster, Sandane og Høyang ligg nest på tabellen i 3. divisjon.

Kommentarsystemer er levert av DISQUS. NRK står ikke ansvarlig for misbruk av Disqus gjennom andre installasjoner enn på NRK.