10.02.2012

- Vil ikkje ha lærlingar

Fjord1 (Foto: Heidi Lise Bakke/NRK)

Lærlingar står i kø for å få jobb, og Fjord 1 treng dei. Likevel vurderer dei å hente arbeidskraft frå utlandet.

- Det er ekstremt stor interesse no for å bli sjøfolk, seier styreleiar i norsk maritim kompetanse Hilde Gunn Avløyp.

Vil ikkje gje plassar

Generalsekretær Hilde Gunn Avløyp i Det norske maskinistforbund (Foto: Thor Brenne)

Styreleiar i norsk maritim kompetanse Hilde Gunn Avløyp er forundra over at Fjord 1 vurderer utanlandsk arbeidskraft når det står lærlingar i kø for å få jobbe.

Foto: Thor Brenne

Avløyp seier næringa vil ikkje gje lærlingeplassar slik at dei lærlingane som ønskjer det kan få kadettplassar og utløyse sertifikata sine.

Fjord 1 er ein av svært mange bedrifter som nye sjøfolk for å erstatte dei som snart skal pensjonere seg.

Administrerande direktør i Fjord 1 fylkesbaatane Stig Kristoffersen sa tidlegare denne veka at dei vurderer å hente arbeidskraft frå utlandet for å løyse behovet for tilsette.

- Det kan vere aktuelt. Då må vi ha personell som snakkar språket, seier han.

100 i kø fylket

For dette skjer samstundes som over 100 lærlingar står i kø og ventar på plass. Berre i Sogn og Fjordane, Møre og Romsdal og Hordaland har nærare 300 personar søkt om lærlingeplass, under halvparten har fått plass.

Difor vart Avløyp svært forundra då ho høyrde Kristoffersen fortalte at dei aleine mangla 300 sjøfolk for å erstatte dei som skal pensjonere seg.

Har 11 lærlingar

- Det forstår eg ikkje. Når det gjeld Fylkesbaatane har dei 11 lærlingar no. Så det er eit ganske stort potensiale å ta av, seier ho.

Ho synes det er svært merkverdig at Fjord 1 kan seie at dei satsar på ungdom.

- Korleis dei har klart å hamne i denne situasjonen forstår eg rett og slett ikkje. Det har vorte arbeidd lenge med å skaffe lærlingar plass.

Avviser kritikken

Kristoffersen i Fjord 1 avviser kritikken frå Avløyp, og seier tala ho har er feil.

- Vi har 40 opplæringsstillingar fordelt på lærlingar og kadettar, og vi tek inn 15-20 nye kvart år. Vi tek så mange vi klarer, seier han.

Han forstår ikkje kvifor Avløyp seier det ho seier.

Vil gjerne ha fleire lærlingar

- Påstanden er heilt feil. Vi tykkjer det er kjekt at mange tek offiserutdanning. Dessverre vert ikkje alle lærlingane verande, men mange ønskjer å halde fram i yrket.

- Er det aktuelt å ta inn fleire lærlingar?

- Vi vil gjerne ta inn fleire. Det at vi har 40 opplæringsstillingar fortel at vi er aktive på dette. Vi tek eit stort ansvar for å hjelpe folk til å kome inn i sjøyrket.

Kommentarsystemer er levert av DISQUS. NRK står ikke ansvarlig for misbruk av Disqus gjennom andre installasjoner enn på NRK.