Hilmar (75) nektar å la seg flytte

Bygdefolket reiste jo alderstunet her nettopp for at dei skulle få ein trygg alderdom her og sleppa flytta når dei begynte å skranta helsemessig, seier Hilmar Teigen til avisa Nordhordland.
Foto: Arthur Kleiveland/NordhordlandGulen kommune har fjerna nattevaktordninga frå bu- og omsorgssenteret, men Parkinson-råka Hilmar Teigen nektar å bli flytta på sjukeheim i Eivindvik.
Publisert 02.09.2010 16:29.
- Kommentarer
- Skriv ut
Om Hilmar Teigen ikkje flyttar, nektar kommunen han hjelp om natta i omsorgsbustaden hans ved Byrknes alderstun, skriv avisa Nordhordland.
- Det blir ikkje aktuelt å flytte. Vil kommunen ha meg ut, får dei bere meg herfrå, seier 75-åringen til avisa.
Har alt han treng
På Byrknes har Teigen alt han treng kring seg. Butikken ligg berre ein kort køyretur med den elektriske rullestolen frå bustaden hans. Her har han også familie og vener.
75-åringen skjønar ikkje kvifor kommunen, som gjekk med 16 millionar kroner i pluss i fjor, skal legge ned nattevakta ved bu- og omsorgssenteret.
- Eg forstår det ikkje. Om det er rett det eg har høyrt, at dei har 16 millionar på bok, så har dei plenty med pengar, seier han til NRK Sogn og Fjordane.
- Mektig sint
- Eg er mektig sint på dei. For eg meiner dei ikkje treng gjere dette. For denne heimen er bygd opp på den basis at vi skulle få bu i vårt nærområde. Her har eg alle som eg kjenner kring meg, held Teigen fram.
Det er ikkje berre 75-åringen som må flytte. Alle bebuarane som har behov for hjelp nattestid skal få plass på Gulen sjukeheim.
Må i seng før kl. 22
Teigen tek heller sjansen på å klare seg sjølv. Dermed må han til køys før klokka 22, når kveldsvakta går av vakt, eller legge seg sjølv - sjølv om han meiner det gir han dårlegare livskvalitet.
- Eg vil bu her, så då må eg berre prøve å komme meg til køys då. Hjelpa går klokka 22 og kjem ikkje att før klokka 08 om morgonen. Det blir litt problematisk for eg har vore oppe til både 01 og 02 for å sjå på TV, seier han til NRK.
Får støtte
Nordhordland skriv at både kommunen og Helsetilsynet er samde om at Teigen får eit dårlegare helsetilbod. Noko også inntaktsnemnda for institusjonsplass i Gulen sler fast.
Sjølv om også personalet ved bu- og omsorgssenteret på Byrknes meiner det er avgjerande for Teigen at han framleis får bu i leiligheita si, følgjer hovudtvalet opp innstillinga til administrasjonen og avsler klagen hans.
Helsetilsynet i Sogn og Fjordane har støtta kommunen si handtering av saka.
Siste: Sogn og Fjordane
- Furnes kan bli fylkesleiar i KrF
- Kleppa vil gi drosjene betre vilkår
- Fleire klaga til Pasientombodet
- Bussen er vekk frå E39-rasteplass
- Utførte 21 lovbrot på ni månader
- Suste forbi politiet i 60-sone
- Giske spelte spel med aksjonistar
- Rift om farlege hus på billigsal
- Fekk 3000 kr i bot for kattedrap
- Gjermunstad ventar ved telefonen
| Skisenter | Ver | Siste snøfall |
|---|---|---|
| Levert av Skiinfo.no | ||
| Breimsbygda |
|
06/02 (20 cm) |
| Sogndal - Hodlekve |
|
06/02 (47 cm) |
| Jølster |
|
09/02 (5 cm) |
| Harpefossen |
|
06/02 (5 cm) |
| Sogn Skisenter |
|
06/02 (25 cm) |
| Stryn |
|
02/02 (20 cm) |
| Sunnfjord |
|
09/02 (10 cm) |
Siste: Sogn og Fjordane
Furnes kan bli fylkesleiar i KrF - Kleppa vil gi drosjene betre vilkår
- Fleire klaga til Pasientombodet
- Bussen er vekk frå E39-rasteplass
- Utførte 21 lovbrot på ni månader
- Suste forbi politiet i 60-sone
- Giske spelte spel med aksjonistar
- Rift om farlege hus på billigsal
- Fekk 3000 kr i bot for kattedrap
- Gjermunstad ventar ved telefonen

















Melodi Grand Prix i Florø