Hopp til innhold

Vil ha 80 000 for daud hund

Ein terrier vart drepen av ei kongeørn i fjor. No krev eigaren erstatning på 80 000 kroner.

Hund

GOD JAKTHUND: Nils Arne Skjerven meiner den tyske terrieren kunne gjeve han god inntening på avl. Men hunden vart teken av ei kongeørn i fjor. No krev Skjerven erstatning frå Fylkesmannen.

Foto: Testy

- Eg har aldri hatt ein så god jakthund, seier Nils Arne Skjerven.

Kunne tent store summar

No krev han erstatning frå Fylkesmannen for tapet av hunden sin.

Han meiner verdien hunden hadde, samt kva han kunne ha tent på den, tilsvarar svært høge summar.

Kravet om erstatning har han sett til 80 000 kroner fordi han meiner det er det han ville måtte bruke for å avle opp ein liknande jakthund.

Hunden forsvann

Det var under jakta i Luster Almenning i desember i fjor at hunden "Terri" vart teken av ei kongeørn.

Jaktlaget på fem dreiv drivjakt med hund då den tyske terrieren fekk auge på fleire dyr nærare 400 meter over fjorden.

Eigaren, som hadde GPS på hunden for å klare å finne han i terrenget, vart uroa då sendaren ikkje gav utslag på rørsle på hunden etter ei stund.

Terry vart drepen av ørn

ETTER ANGREPET: Bilete av Terri etter at kongeørna hadde angripe i desember i fjor.

Foto: Nils Arne Skjerven

Såg ørna

Då han fann hunden att var den daud, og Skjerven såg ei kongeørn omlag 40 meter frå staden der hunden låg.

Han fann også vingeslag i snøen ved sidan av hunden, og slepespor etter den. Skjerven meiner bestemt at han såg spor etter ørna i snøen.

Hunden var svært verdifull for eigaren. Den var avla spesielt for å jakte på hjortevilt og rev som losande laushund. Skjerven kjøpte hunden i 2004 for 15 000 kroner av ein kennel, og seier han brukte 100 timar kvart år på å trene hunden til nettopp dette.

Populær hund

I tillegg vart Terri nytta til jakt medan hjortejakta var i gong. Då kunne hunden vere på jakt i tre dagar i veka.

- Dette gjev mellom 200 til 250 timar jakt kvart år, skriv Skjerven i kravet sitt.

Terri vart brukt av til saman fem jaktlag i Sogn og Sunnfjord, og var ein ettertrakta hund til dette føremålet.

Skulle avle fleire

Skjerven hadde planar om å setje hunden i avl på grunn av den gode stamtavla hans. Ein tysk jaktterrier kan normalt få mellom fem og sju kvelpar.

- Etter aldren på Terri kunne eg forvente fire eller fem kull på hunden. Og etter normal betaling for ein kvelp ligg på nærare 10 000 kroner, skriv han i erstatningskravet.

Skjerven har vore på jakt etter fagfolk som kunne gje ein takst på verdien av hunden, men har ikkje lukkast med dette.

Får støtte

Men han har likevel fått Einar Fortun, statens naturoppsynsmann i Luster, til å vurdere saka

Fortun har konkludert med at det var kongeørna som drap hunden. Han legg til grunn at fleire såg kongeørna i området, og merka etter den på bakken der hunden låg. I tillegg har han undersøkt kadaveret.

Han skriv også i forklaringa si at Skjerven ved to høve tidlegare hadde teke kontakt med han om at det var ei ørn som hadde prøvd å ta hunden hans.

Eit problem for jegarar

Fortun skriv at bestanden av kongeørn har auka mykje dei siste åra, og då spesielt i området Skjerven var på jakt i.

Ørn er eit problem for jegarane fordi dei prøver å angripe lågbeinte og mindre hundar som jaktar.

No ligg saka hjå Fylkesmannen til vurdering.