10.02.2012

Respiratorar støvar ned

Helsestyresmaktene kjøpte i all hast inn 400 respiratorar i fjor.

Før pandemien var det omlag 600 slike maskiner på sjukehusa i landet. No er det 1000.

Brukte 81 millionar

– Norge er det einaste landet som kjøpte respiratorar på grunn av svineinfluensaen. Ingen andre land i Europa gjorde det. Eg treng vel ikkje å seie meir, seier avdelingssjef Olav Hesjedal på avdeling for Akuttmedisin i Helse Førde.

Svineinfluensaen har kosta staten dyrt. Berre på respiratorar brukte helsestyresmaktene 81 millionar kroner, og no støver mange av desse ned på lager.

For det er nemleg ikkje behov for så mange respiratorar på norske sjukehus.

(Artikkelen held fram under biletet)

Olav Hesjedal (Foto: Heidi Lise Bakke/NRK)

Avdelingssjef Olav Hesjedal på avdeling for Akuttmedisin i Helse Førde er kritisk til pengebruken då pandemien kom i fjor.

Foto: Heidi Lise Bakke/NRK

Manglar utstyr

– Vi kunne heller ha brukt pengane på andre ting. Utstyrsmangelen er stor på andre område, seier Hesjedal.

Berre i Helse Vest vart det kjøpt nærare 70 respiratorar for 15 millionar kroner.

– Pandemien kan berre komme

I snitt nyttar Helse Førde seg av 0-2 respiratorar per dag. Det vil seie at resten står ubrukte eller vert nytta til øving for tilsette.

To er i Nordfjord, to er i Lærdal, nokre er plasserte i ambulansar og resten av maskinene står på sentralsjukehuset i Førde.

– Vi har rikeleg med respiratorar, så pandemien kan berre komme i så måte, seier avdelingssjefen.

Respirator (Foto: Heidi Lise Bakke/NRK)

Då svineinfluensaen kom brukte staten over 80 millionar kroner på respiratorar. No står fleire ubrukte på sjukehusa.

Foto: Heidi Lise Bakke/NRK
Kommentarsystemer er levert av DISQUS. NRK står ikke ansvarlig for misbruk av Disqus gjennom andre installasjoner enn på NRK.