Hopp til innhold

Meiner Molde er feil for Hovland

Det var meir enn storleiken på bodet som gjorde at Sogndal avslo Molde sitt bod på Even Hovland. Sogndal meiner Molde er feil for spelaren.

Even Hovland
Foto: Rune Fossum / NRK

- No har dei sparka trenarane sine og tilsett ein midlertidig trenar. Eg forstår at Even blir litt usikker av ein slik situasjon. Eg som fotballeiar vil ikkje tilrå han å gå til ein klubb som er i ein slik setting, seier sportsleg leiar i Sogndal, Trond Fylling.

Les og: Rösler blir Molde-trener

Les og: Massiv støtte til Jonevret

Avslo Molde sitt bod

Trond Fylling
Foto: Rune Fossum / NRK

Molde sitt bod på u21-midtstopparen kom inn til Sogndal på fredag og vart avslege på måndag. Kor mykje pengar Molde la på bordet er ukjent, men Fylling seier det ikkje var nok til at dei ville gje slepp på Hovland.

Likevel insisterer han på at det også var andre ting som gjorde at dei ikkje vil selja Hovland.

- Etter litt fram og tilbake konkluderte vi med at med tanke på situasjonen som oppstod i Molde og vår situasjon er det best at vi let den saka liggje no, seier Fylling.

Overraska agent

Det har lenge vore kjent at Hovland ynskjer seg vidare til ein større klubb enn Sogndal, og 21-åringen skal ha vore open for å gå til Molde.

Agenten hans, Jim Solbakken, har sterke band til begge klubbane, og blir interessert når han høyrer om Sogndal si grunngjeving.

- Ring meg tilbake i ettermiddag, så skal eg kommentere dette, seier agenten som har mange jarn i elden den siste dagen europeiske klubbar har lov til å registrere nye spelarar i 2010.

Kan byte divisjon

Molde ligg no på den utsette kvalifiseringsplassen i eliteserien, medan Sogndal toppar 1. divisjon. Sjansen for at dei to klubbane kan byte plass i divisjonsystemet har også spelt inn, seier Fylling.

- Eg trur nok Molde klarar seg, men det er ikkje så lenge sidan Fredrikstad fekk ny trenar, kjøpte to-tre spelarar, brukte mange millionar og rykte rett ned. Alt kan skje i fotball, og det at det er så vanskeleg å spå gjer at i denne omgangen vel vi at Even står i Sogndal og hjelper oss opp ein divisjon.

Ventar på utlandet?

Hovland var i vinter på to treningsopphald i Manchester United, og var kobla til andre engelske klubbar med langt større betalingsevne enn Molde.

- Uansett vil du selje dyrast mogleg og kjøpe billigast mogleg, seier Fylling.

- Betyr dette at de framleis håpar på at ein utanlandsk klubb skal melde seg på i kampen om Hovland?

- Nei, no tenker vi først og fremst på denne sesongen.

Ingen overgang no

- Er det andre klubbar på bana no?

- Nei, eg trur ikkje det kan skje noko med andre. Tida er i ferd med å renne ut - og det er eg glad for, seier Fylling.

Ifølgje Sogndal sin eigen nettstad blir det ingen overgang på Even Hovland i denne omgang.