Her er lesarane sine tur-tips

FJELLET, MARKA OG KYSTEN VENTAR: Søndag 5. september blir den årvisse «Kom deg ut-dagen» markert over heile landet.
Foto: Tore Sevheim/NRKMeteorologane lovar ein varm og fin september. Kva er då betre enn å nyte hausten ute i naturen?
Publisert 31.08.2010 11:49.
- Kommentarer
- Skriv ut
I morgonsendinga vår tysdag kom lyttarene med sine tips til fjellturar i Sogn og Fjordane.
I samband med at den årvisse «Kom deg ut-dagen» førstkommande søndag blir markert over heile landet, gjesta Astrid Kalstveit, dagleg leiar i Sogn og Fjordane Turlag, morgonsendinga. Morgonvert Linda Olin Reite inviterte også lyttarane til å komme med sine tur-tips (sjå under).
- SJEKK DENNE VÊRMELDINGA: - Sommaren kjem absolutt tilbake
Fjellturar, mat, kajakk og sykkel
– Ikkje sit inne denne dagen!, er ordren frå Kalstveit.
Søndag har turlaget over 20 arrangement rundt om i fylket.

VIL HA FOLK UT: Astrid Kalstveit i Sogn og Fjordane Turlag.
Foto: Brit Jorunn Svanes/NRK– Det er mat på bål, kystdag, etegilde på Nordfjordeid, kort sagt utruleg mykje ein kan vere med på. Vi vil ha med heile breidda av folk, ikkje berre unge og born, men også vaksne. Det er mange krevjande turar for dei som ønskjer det. Og vi har kajakksamling i Solund og sykkeltur på Strynefjellet, seier Kalstveit.
Saman med NRK sin reporter Silje Guddal var ho direkte inne i morgonsendinga frå leirbålet ved Bekkjavatnet i bymarka i Førde.
Her kom Kalstveit med ei klar oppmoding til folk i fylket når hausten står for døra.
– Gå tur etter jobb
– Dropp middagen etter jobb, ta deg ein tur før det blir mørkt, og slapp av med middag etterpå, er beskjeden frå turlagssjefen
Av alle årstidene er ho er sjølv mest glad i hausten.
– I alle fall tidleg haust. Då kan det bli vakkert vêr - kjøleg om natta og nydelegom dagen - så kjem fargane. Då finn eg bær og sopp. Då er livet godt! – Eg likar meg i området der eg bur, men dreg gjerne ut i fylket. Sist helg gjekk eg frå Fresvik til Fresvikbreen og ned til Vik. Ein fantastisk tur, seier Kalstveit.
Her er lesarane sine tur-tips:
- Har du tur-tips? Send SMS med kodeord SF til 1987, eller besøk vår Facebook-gruppe.
Rambera
Anbefaler ein tur til Rambera, 1643 m.o.h. Start i Seljadalen i Vik, gå opp Ennebakken via Nipen, gjennom Grindsle-et som er ein smal passasje - og ned att på Grønsberg. Etter ca 10 timar er me vel fornøygde. - Arild Orvedal, Vik i Sogn
Geitebotnfjellet
Vi innviterer til fjelltur på Gaular sin høgste topp, Geitebotnfjellet, 1354 moh. Søndag kl 10. Avgang frå Hoffslåttene kl 10. Vanvittig utsikt! Volleyball gruppa, Viksdalen IL.
Skaravatnet
Min favoritt er ein 1,5 timers tur opp til Skaravatnet i Bremanger. Der er det høgfjell på 550 m.o.h. Derifrå er det kort veg til Solanipa eller Skudalsnipa, med utsikt over heile kysten i fylket ein klar haustdag. - Rune Nordbotten, Svelgen
Lassenipa
Turtips laurdag: Lassenipa i Nordalsfjorden i Flora. - Signe Nordvik, Florø.
Bergsheia
Bergsheia i Bygstad er eit godt og lettare alternativ til Storehesten. Du ser heile Dalsfjorden heilt til havet, Gulen+ +. - Idar Senneseth, Sande i Sunnfjord
Hesjetinden
I Hyllestad har vi mange fine fjelltoppar. Ein av dei er Hesjetinden. Den kan annbefalast. - Solfrid Birkeland, Leirvik.
Blårebu
Kan sterkt anbefale ein tur til Blåbrebu og turisthytta der. Ein fantastisk tur frå innst i Norddalsfjorden til grønndalsvatnet og vidare til Blåbrebu. Derfrå er det mange flotte turar vidare, helsar Kjellrun Hauge frå Bremanger.
Duken, Robba, Kjerringa

TURTIPS: Kjerringa i Lavik.
Foto: Hanne BruraasTuren Avsnes, Fløyen, Hatlelifjell, Duken, Blåfjell, Myrane er nydeleg! Robba er herleg! Skårseggja, Solheimskulten, Kjerringa er fantastiske. Pluss alle dei andre turane Liv Norunn Raasholm og Lavik IL har merka. Anbefalast på det sterkaste! - Marit Aven, Lavik
Bretur i Jølster
Vi har bretur frå Søgnesand til Sægrov i Jølster på laurdag. - Indre Sunnfjord Turlag
Tveitekletten
Turen rundt Tveitekletten på Tveit i Gulen er flott. Bakkar opp og flater innover i flott natur. - Astrid Øie Tveit, Eivindvik
Raudmelen
Føreslår anbefaler ein tur på Raudmelen i Balestrand. - Reidun Bakken, Balestrand
Maristovadilten
Anbefaler Maristovadilten laurdag. Frå Kyrkjestølen til Maristova på Filefjell. Fantastrisk tur! - Inger solheim, Lærdal.
Brandsøyåsen og Storåsen
Brandsøyåsen i Florø er en nydeleg tur. Også Storåsen midt i sentrum med utsikt over heile Florø, er kjempefin. - Solbjørg Nordheim, Florø
Jordalen
Turen frå Fresvik og til Fresvik-Jordalen er ein fantastisk tur ein fin haustdag. I byrjinga av september blir også alle sauene jaga heim frå Jordalen. Det er ei fantastisk oppleving å vera med på. Og på turen passerer ein tallause dyregraver og fangstanlegg som berikar turopplevinga. Og viss ein er heldig ser ein rype, hjort og rein. - Marianne Marianne Bøthun, Fresvik
Blårebu
Ein god tur er i Grønndalen til Blåbrebu i Flora. Vakker natur og god utsikt. - Anne Britt Heggen, Deknepollen
Oldeskaret og Haugabreen

TURTIPS: Stardalen i Jølster.
Foto: Bjørn BefringHaugadalen i Stardalen: Oldeskaret og Haugabreen. Alle regnbogens fargar i bre og natur! - Anny Flatjord, Jølster
Stølsturar i Gaular og Fjaler
Dersom vi trekkjer ei linje gjennom Steiestølen, Bjørvikstølen, Hellestølen, Alverstølen, Torestølen og tilbake til Steiestølen, har vi eit flott turterreng heile året. Her ligg over 20 fiskevatn og fleire toppar rundt 800 m, med Blåfjellet og Taket som dei mest kjende. - Per Nistad, Dale i Sunnford
Vidasethovden
Vidasethovden i Feios 1227 m.o.h. med ein faaantastisk utsikt og flotte tur. Våkeskårane, Kongsvatnet, Kongshaug og Synshovden i Vik er òg fantastisk flotte turar, som både ungar og vaksne klarar! - Tone Grindedal Vange, Vik i Sogn
Stølsheimen
Stølsheimen! - Kristine Kopperud Timberlid, Høyanger/Bergen
Værlandet
Ridetur rundt Klettane på Værlandet. - Eva Landøy, Værlandet.
Siste: Sogn og Fjordane
- Furnes kan bli fylkesleiar i KrF
- Kleppa vil gi drosjene betre vilkår
- Fleire klaga til Pasientombodet
- Bussen er vekk frå E39-rasteplass
- Utførte 21 lovbrot på ni månader
- Suste forbi politiet i 60-sone
- Giske spelte spel med aksjonistar
- Rift om farlege hus på billigsal
- Fekk 3000 kr i bot for kattedrap
- Gjermunstad ventar ved telefonen
| Skisenter | Ver | Siste snøfall |
|---|---|---|
| Levert av Skiinfo.no | ||
| Breimsbygda |
|
06/02 (20 cm) |
| Sogndal - Hodlekve |
|
06/02 (47 cm) |
| Jølster |
|
09/02 (5 cm) |
| Harpefossen |
|
06/02 (5 cm) |
| Sogn Skisenter |
|
06/02 (25 cm) |
| Stryn |
|
02/02 (20 cm) |
| Sunnfjord |
|
09/02 (10 cm) |
Siste: Sogn og Fjordane
Furnes kan bli fylkesleiar i KrF - Kleppa vil gi drosjene betre vilkår
- Fleire klaga til Pasientombodet
- Bussen er vekk frå E39-rasteplass
- Utførte 21 lovbrot på ni månader
- Suste forbi politiet i 60-sone
- Giske spelte spel med aksjonistar
- Rift om farlege hus på billigsal
- Fekk 3000 kr i bot for kattedrap
- Gjermunstad ventar ved telefonen

















Melodi Grand Prix i Florø