26.05.2012

Årdølene på tippetoppen

Årdal ligg som nummer to på lista over dei mest tippeglade kommunane i Norge.

Lottokuler (Foto: Cornelius Poppe/Scanpix)

Årdølene brukar meir på pengespel enn mange andre.

Foto: Cornelius Poppe/Scanpix

I løpet av fyrste halvår i år har årdølene gjennomsnittleg tippa for 2074 kroner.

Samla har årdølene brukt over 11,5 millionar kroner på tipping i år, det syner tal frå Norsk Tipping gjengjeve i Nationen.

Gjennomsnittsnordmannen tipper berre for halvparten så mykje som ein gjennomsnittleg årdøl.