Hopp til innhold

Uviss framtid for «Innvik»

Teaterbåten «Innvik» som i ei årrekkje serverte folk langs fjordane av Vestlandet er lagt ut for sal.

MS Innvik

Teaterbåten «Innvik» spegla i fasaden på operahuset i Bjørvika.

Foto: Vidar Gudvangen / NRK

Den ombygde bilferja fungerte som teaterbåt i Sogn og Fjordane, Hordaland og Møre og Romsdal frå 1982 til 2001. Dei siste ni åra har båten lagt til kai ved hamnelageret like ved operaen i Bjørvika.

No sel eigaren Nordic Black Theatre skuta dei har hatt tilhald i sidan 2001 for høgstbydande over 200 000 kroner, skriv nettstaden E24.

Strenge krav gjer det vanskeleg

I Oslo har båten blitt brukt både som teaterscene og som overnattingsstad.

– Vi har hatt ni fantastiske år i båten, men no har det blitt stadig større krav frå Oslo kommune for å kunne halde fram drifta. Bed & Breakfast-verksemda er stengt, og vi har måtte avgrense kor mange menneske vi har om bord på ein gong, seier dagleg leiar Jarl Solberg i Nordic Black Theatre til E24

Med stadig strengare krav til drifta ombord i teaterbåten, ser ikkje Solberg lenger økonomi i å fortsette.

– Det er mange ting som skjer samstundes som no gjer det fornuftig for oss å slutte å bruke pengar på MS Innvik og heller finne ein annan stad å vere, seier han.

– Synd for Bjørvika

Solberg er frustrert over at ingen av utbyggjarane i Bjørvika, som skal bli Oslo sitt nye ansikt mot fjorden, har involvert Nordic Black Theatre i diskusjonar om ein framtidig tilhaldsstad for teateret.

– Vi har hatt 1500 arrangement med over 100.000 publikummarar på båten, og trur det har vore veldig bra for Bjørvika. No mistar Bjørvika noko viktig, og det er synd, seier Solberg som har lagt båten ut på finn.no.

Gjekk under Fylkesbaatane-flagg

MF Innvik som teaterbåt i Bergen 1986

1986: Slik såg «Innvik» ut i si første tid som teaterbåt. Her fotografert ved kai i Bergen i 1986.

Foto: Harald Sætre

MS «Innvik», vart Norges første teaterbåt då den vart bygd om og tatt i bruk som flytande teaterscene i 1982 med plass til 150-200 tilskodarar.

Båten var eigd av lutlaget Den norske Kulturbåten i Bergen, mens Fylkesbaatane i Sogn og Fjordane hadde driftsansvaret.

Kong Olav deltok ved innviinga av den ferdig utbygde teaterbåten i 1991, og båten vart ein akta kulturinstitusjon langs kysten.

På slutten av 1990-talet var glansdagane over. Innvik vart liggjande til kai, og til slutt seld i 2001.