Hopp til innhold

Må sende vindmølle-vengjene attende

Heile tolv av vengjene på dei nye vindmøllene på Mehuken i Vågsøy må skipast attende til produsenten.

Vinmølle-vengjer i Vågsøy

SKADDE: Desse var komne den lange vegen til Måløy, men må no attende til Tyskland.

Foto: Bjarne Eldevik / NRK

Vindmølle-vengjer i Vågsøy

TRANSPORTSKADE: Vindmølle-vengjene skal ha blitt skadd under transporten til Norge.

Foto: Bjarne Eldevik / NRK

Tre vindmølle-vengjer vart skadde under montering i sterkt vind med orkan i kasta i juli.

I tilegg til desse tre kom det ni andre vengjer frå høvesvis Tyskeland, Brasil og Tyrkia som må returnerast til leverandøren. Årsaka skal vere mangelfull utbetring av tidligare transportskader.

LES OGSÅ:

Var komne på plass

Fleire av dei skadde vengjene var transportert opp til vindmølleparken på Mehuken, før det ved ein kontroll vart oppdaga at reparasjonane ikkje var godt nok utført.

Det vart først vurdert å reparere vengjene på Mehuken, men etter nøye undersøkingar vart det konkludert med at skadene er av eit slikt omfang at leverandøren vil ha vengjene i retur til fabrikken.

Tek kostnaden

Dette er kostnader leverandøren tek på seg, utan at utbyggjar Kvalheim Kraft AS skal lide noko tap.

Trass problema, prosjektleiar Ragnar Hagen er likevel ved godt mot.

– Prosjektet ligg ein månad føre skjema. Transporten, monteringa og det økonomiske har gått etter planen. Vi har ingenting å setje fingeren på seier, Hagen til NRK.

Han fortel at nye vengjer alt er komne på plass og er ferdig montert på dei nye møllene.

Ventar på utskiping

Skadane på dei no utskifta vindmølle-vengjene består av skrammer og sår i polyestermatrialet som vengjene er laga av. Desse reparasjonane var for dårlig utført noko leverandøren ikkje såg før vingene kom til Måløy.

I alt 12 vengjer ligg no på Nor Cargo sitt område i Måløy i påvente av returfrakt til Tyskland.

I mellomtida er prøvekøyring og justeringar av dei av dei åtte nye møllene på Mehuken alt i gang, før anlegget blir sett i normal drift.