Widerøe hadde hastverk med retur

- Velkomen attende, seier ordførar i Gloppen, Anders Ryssdal (t.h.) og ber kaptein Arne Vaagenes om å helse resten av Widerøe-familien.
Foto: Heidi Lise Bakke/NRKTorsdag vart Sandane lufthamn Anda igjen opna for trafikk etter lengre tids stenging på grunn av utbygging.
Publisert 26.08.2010 11:39. Oppdatert 26.08.2010 17:58.
- Kommentarer
- Skriv ut
- Sjå TV-reportasje nedst i saka
Lufthamna i Gloppen har vore stengd dei siste seks månadane grunna utbygging. Då gjenopninga torsdag vart eit faktum, vart det diska opp med kaffi og kake til reisande og frammøtte.
Ein stornøgd ordførar, Anders Ryssdal, overrekte blome til Arne Vaagenes som den første flykapteinen attende på rullebana.
- SEI DI MEINING: Kor mange flyplassar skal fylket ha?

- Eg har traska her meir eller mindre kvar søndag for å følgje arbeidet, framdrifta og utviklinga. Eg har gledd meg kvar einaste gong, fortel Kristoffer Rygg (t.v.). I 1975 var han saman med Svere Løken med på å etablere flyplassen på Sandane.
Foto: Birger Meland/NRK- Vi føler at blodpumpa går litt betre i lokalsamfunnet og heile Nordfjord. Eg er utruleg glad for at vi har Widerøe attende. Det har vore månadar der vi har hatt mykje meir tungvint, både oss i Gloppen og folk i heile Nordfjord, seier Ryssdal.
Kostar 120 millionar
Flyplassen vart stengd 1. mars i år på grunn av oppgraderingane for å møte internasjonale krav. Totalkostnaden når arbeidet er endeleg over 17. november neste år, vil vere 120 millionar kroner. Lufthamnsjef Jon Granheim seier at kring 70 prosent av arbeidet er gjort til no.
- SJÅ MEIR: Sandane Lufthamn i Fylkesleksikonet
Mellom anna er tryggleikssonene på begge sider av rullebana på plass. Rullebana er forlenga, men tryggleikssona i begge endar skal vere ferdig til neste år. Til saman er det sprengt ut opp mot 90 000 kubikk fjell.
Lenge før tida

Dei første passasjerane som reiser frå Sandane etter gjenopninga.
Foto: Birger Meland/NRKOg det første flyet, som kom frå Sogndal og skulle vidare til Gardermoen, hadde hastverk med å lande på Sandane att. Flyet var nær 20 minutt før tida.
- Det er heilt nydeleg. Dette har vi venta lenge på. Vi som har flydd her i årevis har sakna Sandane. Vi har floge over her og sett ned. No var det verkeleg hyggeleg å vere attende, seier kaptein Vaagenes.
Sjå TV-reportasjen frå opninga av flyplassen på Anda.
Siste: Sogn og Fjordane
- Rektor politimelder politiet
- Ny stor Havyard-kontrakt
- Fylkesmannen avviser Berg-klage
- Han har bakt 1200 morsdagskaker
- June Andenæs mot historisk medalje
- No skal Gjøran representere Norge
- Mot tidenes cruisesesong
- I grøfta med fleire tonn sponplater
- Turistnæringa fryktar eurokrisa
- Furnes kan bli fylkesleiar i KrF
| Skisenter | Ver | Siste snøfall |
|---|---|---|
| Levert av Skiinfo.no | ||
| Breimsbygda |
|
06/02 (20 cm) |
| Sogndal - Hodlekve |
|
06/02 (47 cm) |
| Jølster |
|
09/02 (5 cm) |
| Harpefossen |
|
06/02 (5 cm) |
| Sogn Skisenter |
|
06/02 (25 cm) |
| Stryn |
|
02/02 (20 cm) |
| Sunnfjord |
|
09/02 (10 cm) |
Siste: Sogn og Fjordane
- Rektor politimelder politiet
- Ny stor Havyard-kontrakt
- Fylkesmannen avviser Berg-klage
- Han har bakt 1200 morsdagskaker
- June Andenæs mot historisk medalje
- No skal Gjøran representere Norge
- Mot tidenes cruisesesong
- I grøfta med fleire tonn sponplater
- Turistnæringa fryktar eurokrisa
- Furnes kan bli fylkesleiar i KrF


















Melodi Grand Prix i Florø