Tvinde på volleyballandslaget

Landslagsutøvar: Med sine 18 år blir Lars Fredrik Tvinde yngst på seniorlandslaget.
Foto: Rune Fossum/NRK- Det er jo eit mål for alle som spelar volleyball, så dette er kjekt, seier Tvinde om landslagsuttaket.
Publisert 24.08.2010 18:29.
- Kommentarer
- Skriv ut
Sidan førre onsdag har han vore på treningssamling i Steinkjer. At prestasjonane der var avgjerande for eit eventuelt landslagsuttak prøvde han å tenkje minst mogleg på.
– Det var berre og trene og gjere prestere sitt beste, seier han.
Tidlegare i månaden tok Tvinde NM-gull på heimebane.
To treningar om dagen
Med to treningar om dagen saman med andre potensielle landslagsutøvarar gjaldt det å vise kva ein var gode for. Trass i hard konkurranse seier Tvinde at han hadde trua på å klare å kome seg vidare.
Sjølv om han er ny på landslaget trur han ikkje det blir einsamt.
– Volleyball-Noreg er ikkje så stort, så eg kjenner dei fleste frå før, seier den unge landslagsutøvaren.
Yngst på laget
Måndag går turen til Serbia. Der ventar sju treningskampar og treningar kvar dag.
– Det blir moro, seier Tvinde.
Med sine 18 år er Tvinde den yngste på landslaget, men han har likevel ambisjonar om speletid.
– Første målet er å få prøve seg i kamp, seier han.
– Det er hard kamp om plassane. Laget har fleire flinke, så ein må vise kva ein er god for for å få lov til å kome på bana.
Korleis er det å vere yngstemann på det norske seniorlandslaget?
– Det er greitt det. Ein får jo litt pes, men det er slik det er.
Betalar eigenandel
Tidlegare i år takka Nils Edvin Numme nei til å spele på landslaget. Årsaka var mellom anna den økonomiske situasjonen til Volleyballforbundet. Etter år med dårleg økonomi og kutt, må spelarane sjølve dekke både reise og opphald. Tvinde synes ikkje dette er noko å snakke om.
– Vi betalar svært lite i høve til kva vi får att for pengane. 2000 kroner for heile opphaldet i Serbia, som er på ei veke, er ikkje gale, seier han.
Han håpar likevel at eigenandelen blir teken vekk etter kvart.
Siste: Sogn og Fjordane
| Skisenter | Ver | Siste snøfall |
|---|---|---|
| Levert av Skiinfo.no | ||
| Breimsbygda |
|
06/02 (20 cm) |
| Sogndal - Hodlekve |
|
06/02 (47 cm) |
| Jølster |
|
09/02 (5 cm) |
| Harpefossen |
|
06/02 (5 cm) |
| Sogn Skisenter |
|
06/02 (25 cm) |
| Stryn |
|
02/02 (20 cm) |
| Sunnfjord |
|
09/02 (10 cm) |
















Har skapt sin eigen arbeidsplass
Bjarne Lerum Bilmuseum