Diskos-sølv til Elin Isane

Elin Isane kan reise heim med ein sølvmedalje etter NM i friidrett.
Foto: Heidi Lise Bakke/NRKDen tidlegare kastdronninga Elin Isane gjorde jobben då ho tok NM-sølv i diskos søndag. For Trude Raad vart det total miss i dag.
Publisert 22.08.2010 14:32.
- Kommentarer
- Skriv ut
Etter å ha vore vekke frå idrettsbanen i fleire år, er Elin Isane tilbake i tetsjiktet. Diskos-øvinga i dag var den einaste konkurransen ho deltok i under NM i friidrett på Sandnes.
Glopparen var i mange år med i norgestoppen i diskos og kulestøt og har 24 NM-medaljar.

Marte Rygg Årdal sette ny personleg rekord (arkivfoto)
Foto: Sander HeggheimI dag kasta 36-åringen 46,64 meter som det lengste kastet sitt, sju meter bak vinnaren Grete Ethom Snyder frå Tjalve.
Ny personleg rekord
Dei to andre glopparane som var med hamna lenger nede på resultatlista. Marte Rygg Årdal tok 9. plassen med 36,86 meter. Dette er ny personleg rekord frå gloppejenta.
– Ho forbetra seg med omlag ein halvmeter, seier trenar Jørund Årdal.

Trude Raad hadde ikkje dagen i dag og enda på ein 10. plass.
Foto: Rune Fossum/NRK– Bomma totalt
For Trude Raad gjekk det svært dårleg i dag. Ho var ein av favorittane, men nådde ikkje finaleomgangane. Med eit kast på 36,78 meter enda ho på 10. plass.
– Dette er 10-12 meter kortare enn det ho pleier å kaste. Det vart total miss for ho, seier trenaren.
- LES OGSÅ: Er berre 20 år - men har ni NM-sølv
- LES OGSÅ: Forsvarte NM-gullet frå i fjor
- LES OGSÅ: På medaljejakt i friidretts-NM
Les
Siste: Sogn og Fjordane
- Rektor politimelder politiet
- Ny stor Havyard-kontrakt
- Fylkesmannen avviser Berg-klage
- Han har bakt 1200 morsdagskaker
- June Andenæs mot historisk medalje
- No skal Gjøran representere Norge
- Mot tidenes cruisesesong
- I grøfta med fleire tonn sponplater
- Turistnæringa fryktar eurokrisa
- Furnes kan bli fylkesleiar i KrF
| Skisenter | Ver | Siste snøfall |
|---|---|---|
| Levert av Skiinfo.no | ||
| Breimsbygda |
|
06/02 (20 cm) |
| Sogndal - Hodlekve |
|
06/02 (47 cm) |
| Jølster |
|
09/02 (5 cm) |
| Harpefossen |
|
06/02 (5 cm) |
| Sogn Skisenter |
|
06/02 (25 cm) |
| Stryn |
|
02/02 (20 cm) |
| Sunnfjord |
|
09/02 (10 cm) |
Siste: Sogn og Fjordane
- Rektor politimelder politiet
- Ny stor Havyard-kontrakt
- Fylkesmannen avviser Berg-klage
- Han har bakt 1200 morsdagskaker
- June Andenæs mot historisk medalje
- No skal Gjøran representere Norge
- Mot tidenes cruisesesong
- I grøfta med fleire tonn sponplater
- Turistnæringa fryktar eurokrisa
- Furnes kan bli fylkesleiar i KrF


















Melodi Grand Prix i Florø