Hopp til innhold

To trafikkulukker i Stryn

Laurdag ettermiddag var det to trafikkulukker i Stryn omtrent samstundes. Ein bilførar er sendt til sjukehus,

Trafikkulukke i Innvik

Bilen i Innvik hamna på taket.

Foto: Ole Morten Erdal

Den eine ulukka skjedde ved Grande camping i Stryn like etter klokka 13. Det var ein bil som hadde kome utfor vegen og kvelva. Føraren i bilen var åleine i bilen og kom uskadd frå utforkøyringa.

Hamna på taket

Den andre ulukka skjedde på riksveg 60 i Innvik få minutt etter. Her hamna ein bil på taket etter å ha treft ein støypekant. Bilføraren som var åleine i hadde kome seg ut av bilen. Det var ingen andre køyretøy involverte.

Til sjukehus

Mannen var skadd og vart frakta til Førde sentralsjukehus med luftambulanse. Politiet kan ikkje seie noko om skadeomfanget. Riksveg 60 var stengd ei tid i samband med ulukka.

Trafikkulukke i Oppstryn

Føraren av denne bilen kom uskadd frå utforkøyringa.

Foto: Arne Vik