Hopp til innhold

Forbikøyring vart trafikkulukke

To bilar støytte saman då den eine prøvde seg på forbikøyring i føremiddag.

- Brannvesenet rykte ut til staden fordi det var fare for bensinlekkasje frå den eine bilen, seier Stig Inge Hauge ved Sogn og Fjordane politidisitrik.

Ulukka skjedde i samband med ei forbikøyring på vegen mellom Innvik og Utvik.

- Det var ein person i den norskregistrerte bilen, medan det er framleis uklart kor mange som var i den tyskregistrerte bilen, seier Hauge.

Ingen av dei involverte fekk personskader i ulukka som skjedde like før klokka 14.00 laurdag føremiddag.