Hopp til innhold

Sakna kvinne funnen død

Kvinna som har vore sakna i Aurland sidan måndag, er funnen omkomen onsdag kveld.

Kvinna vart observert frå helikopter
Foto: Arne Veum

Det var den sakna Laila Marie Bernes (60) som vart funnen omkomen onsdag kveld. Det bekreftar operasjonsleiar i Sogn og Fjordane politidistrikt, Kjetil Avsnes.

Sakna sidan måndag

Kvinna, som er heimehøyrande i Bergensområdet har vore sakna sidan måndag kveld då ho ikkje kom tilbake frå ein fjelltur.

Bernes skulle gå frå Undredal til fjellgarden Stigen i Aurlandsfjorden, men kom ikkje tilbake som avtalt. Då ho ikkje kom fram vart politiet varsla, og ein storstilt leiteaksjon vart sett i gong måndag kveld.

LES: Leitar etter sakna kvinne

Funnen i eit krevjande område

Bernes vart observert frå helikopter onsdag kveld like etter klokka 21. Funnet vart gjort i samband med at Airlift skulle fly ned mannskap frå området.

Funnet vart gjort på ein svært vanskeleg og utilgjengeleg stad oppi fjellet, ifølgje politiet.

Området vart sett på som det mest krevjande av leitemannskapet, og skulle etter planen gjennomgåast ytterlegare torsdag om ikkje ho hadde vart funnen onsdag.

- Vi antar at kvinna har falt utfor eit bratt område, fortel Avsnes.

På tampen av leiteaksjonen

Ein del av leitemannskapet skulle akkurat til å avslutte for kvelden då funnet vart gjort. Onsdag kveld er kvinna henta ned av fjellet med Sea-King-helikopter, og pårørande er varsla.

Store leitemannskap har leita etter kvinna frå måndag kveld til onsdag kveld.

Seaking-mannskap, Røde Kors, Norsk Folkehjelp, Sivilforsvaret, fjellklatrarar frå bregruppa i Jostedalen og andre frivillige er blant dei som har bidrege i leiteaksjonen som pågjekk i omlag to døgn.