Hopp til innhold

- Snuoperasjonen bør få verknadar

- Regjeringa sin snuoperasjon i kraftlinje-saka i Hardanger bør heilt klart få verknad for linja mellom Fardal og Ørskog, ifølge fylkesleiar i SV.

Traseen for nye 420 kV-linja mellom Ørskog og Fardal.
Foto: Kart: Statnett


Det meiner fylkesleiar i SV, Heidi Kathrin Osland. Regjeringa bestemte tysdag at sjøkabel-alternativet skal vurderast på nytt.

LES: Gjennomgang av sjøkabel

- I samsvar med SV

Ei ny uavhengig vurdering samsvarar med det SV har lenge ønska.

- Hardt arbeid gir resultat. Eg er veldig glad for at vi no får ei slik uavhengig vurdering, seier Osland.

- Bør få konsekvensar

- Meinar du at det som har skjedd i dag før få konsekvensar for linja mellom Fardal og Ørskog?

- Ja, heilt soleklart. Eg håpar dette markerer eit tidsskille for koleis ein gjennomfører slike saker, seier Osland.

Osland har tidlegare sagt at ho vurderer sterkt å vere med i den planlagde lenkegjengen i Hardanger, om ikkje regjeringa snur i saka. Fylkesleiar i Arbeiderpartiet, Nils. P. Støyva meiner sivil ulynad ikkje er rett veg å gå for å stoppe utbygginga av kraftliner i Hardanger. No kan det likevel sjå ut som at Osland slepp å legge seg i lenker.

Under ein pressekonferanse tysdag ettermiddag la regjeringa fram eit forslag om å ta ein uavhengig gjennomgang av saka.