Hopp til innhold

Funnen omkomen i Jølster

Kvinna som fall i elva Driva i Stardalen i Jølster er funnen omkomen etter ein stor redningsaksjon søndag ettermiddag.

Leiteaksjon i Jølster

SØKTE I ELVA: Bergingsmannskap gjer seg klare til å gå i fossen.

Foto: Simon Solheim / NRK

Leiteaksjon i Jølster

FRÅ FØRDE OG JØLSTER: Røde Kors, brannvesen og redningsdykkarar har deltatt i søket.

Foto: Simon Solheim / NRK
Leiteaksjon i Jølster

FOSSESTRYK: Elva, som fører kaldt brevatn, er strid i området der kvinna fall uti.

Foto: Simon Solheim / NRK

– Vi har henta opp ein person som er stadfesta død, opplyser lensmann Knut Skurtveit i Jølster til NRK like etter klokka 17 søndag.

Store ressurar har sidan klokka 12 i dag leita etter ei nederlandsk kvinne som fall ut i eit fossestryk i elva Driva i Stardalen i Jølster.

Personen som er funnen i elva er ikkje formelt identifisert, men politiet kjenner seg trygge på at det er den sakna kvinna som er funnen.

Den omkomne vart lokalisert i ein kulp i elva ved 15-tida søndag ettermiddag.

Vedkommande er no henta opp og blir frakta til Førde.

Camping-tilsett varsla

Det var ein tilsett ved Høyseth Camping i Stardalen som først varsla om redningsetatane.

– Vi fekk melding klokka 12.05. Ein som jobba på campingen i området hadde blitt kontakta av utlendingar som varsla om at folk hadde ramla på elva, opplyser Stokkereit til NRK.no.

Såg ho forsvinne i elva

Ein stor bergingsaksjon vart dermed sett i verk.

– Klokka 13.13 fekk ein bekrefta gjennom ektemannen at ei hollandsk kvinne er sakna, seier Stokkereit.

Ektemannen skal ha sett kona forsvinne i elva. Kvinna sklei og fall uti då ho skulle ta bilete av fossen

Frivillige held utkikk langs elva

Alt av tilgjengeleg mannskap vart kalla ut.

– Politiet, luftambulansen, eit Sea King redningshelikopter, to redningsdykkarar frå Førde, Skei og Jølster Røde Kors, og brannvesenet frå både Førde og Jølster er kalla ut. I tillegg står frivillige på observasjonspostar langs elva og ved ei bru i området, fortel Stokkereit.

Leiteaksjon i Jølster

HELDT UTKIKK: Frivillige speidar i elva frå brua, om lag 5 km frå staden der kvinna fall i elva.

Foto: Simon Solheim / NRK

Søkjer i foss

Det har utover ettermiddagen vore gjort søk med helikopter ved ein foss ved Åmot, nesten inst i Stadalen. Redningsdykkarar har søkt i eit fossestryket og mannskap frå rødekors har rapelert seg ned langs elva.

Klokka 14.14 fekk NRK opplyst at redningsdykkarar då konsentrerte søkjet rundt nokre kulpar i eit stridt parti av elva.

Like etter klokka 15 vart det stadfesta at det er funne ein person i elva.

Dette er tredje gongen det har falle personar uti denne elva og drukna.

LES: Vil ha betre sikring i dødsfoss

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.