Rekorddeltaking på Fanaråken Opp

RASKASTE KVINNE: Anita Håkenstad Evertsen frå Valdres.
Foto: Anne Jenny DvergsdalNorges ubestridde motbakkedronning Anita Håkenstad Evertsen har lagt bak seg to år med skader, og vann laurdag Buff Fanaråken Opp. Men raskast i løypa var sveitsiske David Scneider.
Publisert 07.08.2010 20:08.
- Skriv ut

RASKASTE MANN: David Schneider frå Sveits
Foto: Anne Jenny Dvergsdal– Dette vart ein kjempesuksess med ny deltakarrekord, seier initiativtakar og marknadsansvarleg i Fanaråken Opp, Christian Prestegård.
566 løparar fullførte. 166 av desse sprang i konkurranseklassane. Fanaråken Opp er dermed det fjerde største motbakkeløpet i landet, målt i konkurranseløparar.
Varma opp til Skåla
Sveitsiske David Scneider, som har vinnde det meste av store motbakkeløp i Europa i år, var raskaste mann til toppen med tida 58.04.
– Han tok dette løpet som eit ei førebuing til neste helgs storløp på Skåla, seier Prestegård.
Tilbake etter skade
Han er mest imponert over Anita Håkenstad Evertsen frå Øystre Slidre sin innsats. Ho vann kvinneklassen på tida 1.08.58.
– Ho kom attende og vann Fanaråken Opp for femte gong etter to år med skader. Ho stadfesta posisjonen som Norges ubestridde motbakkedronning, seier Prestegård.
(Artikkelen held fram under biletet.)
2068 M.O.H.: Målområdet på toppen av Fanaråken. 
Lokale løparar i toppen
Beste kvinnelege løpar frå Sogn og Fjordane blei Merete Helgheim frå Gloppen som tok tredje bestetid med 1.13.49.
Beste mannlege løpar frå fylket var Jan Olav Tjønneland frå Viksdalen på femteplass med tida 1.05.13.
Etter eit surt regnvêr i området fredag, vart løparane møtte av betre og betre vêr under laurdagens løp. Fredag kveld samlast løparar og arrangørar til bryggedans inst i Lustrafjorden.

Slik ser fasiten ut etter årets løp.

















E39 stengd i Trodalen
Sjå bileta frå 17. mai-feiringa i Sogn og Fjordane