Sende til Haukeland etter MC-velt

Tilstanden er alvorleg men stabil for ein mann og ei kvinne som var involvert i ei MC-ulykke på E39 i Førde torsdag ettermiddag.
Publisert 05.08.2010 14:13. Oppdatert 05.08.2010 20:42.
- Kommentarer
- Skriv ut
– Ein mann på 42 år og ei kvinne på 39 år vart frakta til Førde sentralsjukehus etter ulykka. Dei har fått intensivbehandling i Førde, men blir begge frakta til Haukeland i Bergen. Tilstanden for dei to er alvorleg, men stabil.
Det opplyser vakthavande ved AMK-sentralen i Førde til NRK klokka 20.35.
Det var i 14-tida torsdag ettermiddag at motorsykkelen til dei skadde kvelva på E39 ved Reset i Førde. Paret skal vere amerikanske statsborgarar.
Politiet har førebels ikkje kunne seie noko om årsaka, eller om andre køyretøy var involvert i ulykka som blir etterforska av Førde og Naustdal lensmannskontor.
Det oppstod lange køar på begge sider av ulukkesstaden. Statens vegvesen opplyser at vegen no er open igjen i eitt felt. Trafikken vart dirigert forbi staden så lenge det pågjekk oppryddingsarbeid.
Klokka 15.28 melde Statens vegvesen at vegen er opna att for fri ferdsle.
Siste: Sogn og Fjordane
| Skisenter | Ver | Siste snøfall |
|---|---|---|
| Levert av Skiinfo.no | ||
| Breimsbygda |
|
06/02 (20 cm) |
| Sogndal - Hodlekve |
|
06/02 (47 cm) |
| Jølster |
|
09/02 (5 cm) |
| Harpefossen |
|
06/02 (5 cm) |
| Sogn Skisenter |
|
06/02 (25 cm) |
| Stryn |
|
02/02 (20 cm) |
| Sunnfjord |
|
09/02 (10 cm) |
















Hovland netta for Molde
Bjarne Lerum Bilmuseum