Hopp til innhold

375.000 til nytt byakvarium

Sju fiskeoppdrettarar i Sunnfjord går saman og gir 375.000 kroner til det som skal bli eit nytt byakvarium i Florø.

Monica Landøy stoppar ut bjørnen.

TRUR PÅ RALISERING: Monica Landøy er pådrivar for eit eige byakvarium i Florø sentrum. Her er Landøy i gang med å stoppe ut bjørnen som vart skoten i Fjærland for eit par år sidan. Arkivfoto

Foto: Privat

Dermed trur pådrivar Monica Landøy at draumen om eit akvarium, som ho har gått med i sju år, er eit viktig steg nærmare realisering.

Planen er å setje opp eit lite byakvarium på 20.000 liter midt i Florø sentrum. Anlegget skal stå klart til neste sommar.

– Heilt avgjerande

– Takka vere dei små, familieeigde oppdrettsverksemdene her i distriktet går prosjektet no mot realisering. Eit bidrag fra dei på kr 375 000 kroner er heilt avgjerande for å prøve å nå målet om å ha et akvarium klart allereie til neste sommar, skriv pådrivar Monica Landøy i ei pressemelding frå selskapet Flora Fauna som står bak planane.

Planane er klare

Akvariet er tenkt som ein stor dam med sandbotn og tareskog og vil innehalde eit mangfald av fisk og sjødyr.

– Ved akvariet skal vi lage til ein liten grøn oase med blomster og det blir utstillingqr. I desse vi formidle ulike sider rundt temaet «havet», forklarer Landøy.

Ho held fram:

– For meg personleg var det eit løft at Elin Tveit Sveen frå Marø Havbruk ringte meg og fortalde at ho og seks andre oppdrettarar hadde lyst å bli med å få på plass akvariet. Med denne støtta nærmar vi oss fullfinansiering som er på vel 1,7 million kroner.

Vil hauste av oppdrettarane si erfaring

Landøy er også spesielt glad for at havbruksnæringa blir ein av støttespelarane til akvariet.

– Det er mange likskapstrekk mellom eit akvarium og oppdrett av fisk. Den kunnskapen havbruksnæringa har opparbeidd seg vil komme til nytte, trur Landøy.

De sju velgjerarane er:

  • Marø Havbruk
  • Karstensen Fiskeoppdrett
  • Steinvik Fiskefarm
  • Svanøy Havbruk/ Skaar
  • Landøy Fiskeoppdrett
  • Flokenes Fiskefarm
  • Sandnes Fiskeoppdrett