Semitrailer hamna på taket

- Det var flaks i uflaks at dette gjekk bra, konstaterer dagleg leiar Gitle Sande hos Nistad Transport.
Foto: Simon Solheim/NRKEin mann i slutten av 20-åra kom frå det med skrekken då semitraileren hans hamna på taket på E39 i Gaular.
Publisert 02.08.2010 09:10. Oppdatert 02.08.2010 11:11.
- Kommentarer
- Skriv ut
Semitraileren frå Nistad Transport køyrde av vegen og hamna på taket kring ein kilometer frå Sande, i retning Førde.
Semitraileren hadde 25 tonn griseslakt som skulle til Nordfjord Kjøtt.
- Det såg ganske stygt ut då eg kom hit. Semitraileren har kome utom vegen i ein sving, raska med seg autovernet i 50 meters lengde, brote seg gjennom nokre grove furuer og landa på taket. Hytta ser ut til å vere heilt inntrykt i ei grøft tre-fire meter under vegbana, fortel NRK sin reporter på staden, Ole Johannes Øvretveit.
(Artikkelen held fram under biletet)

Semitraileren fekk store skader i ulukka ved Sande.
Foto: Vegar Erstad/NRKTil legevakta
Føraren, som ifølgje AMK var åleine i bilen, skal utruleg nok ha kome frå ulukka utan særleg store skader. Ulukka vart meld kring klokka 09 måndag morgon.

Hytta til semitraileren ligg klemt ned i grøfta.
Foto: Ole Johannes Øvretveit/NRK- Etter mine vurderingar har mannen vore svært heldig. Hytta ligg i grøfta, men ser veldig samanklemt ut, seier skadestadsleiar Elin Fiske, frå lensmannskontoret i Førde og Naustdal.
Berga av setebeltet
Dagleg leiar Gitle Sande ved Nistad Transport, kom måndag føremiddag til ulukkesstaden. Han tykkjer det er eit trist syn, men er mest oppteken av at det gjekk bra med føraren.
- Utfallet kunne fort blitt noko heilt anna. Det er flaks å kome uskadd frå noko slikt. Det er flaks i uflaks, seier Sande.
Føraren har sjølv fortalt at det heile skjedde veldig fort. Årsaka til ulukka er førebels ikkje kjend.
- Føraren hadde nokre ekle sekund, men han vart berga av setebeltet. Det må ha vore heilt forferdeleg for han
Må laste om
Semitraileren er for tung for bergingsbilen. Skadestadsleiar Fiske opplyser at dei no vurderer om lasta skal flyttast til eit anna vogntog på dagtid eller kveldstid.
- Dette er vurderingar som må takast med omsyn til trafikkavviklinga. Det som er sikkert er at bilen ikkje kan flyttast før godset er lasta om. Lasta må flyttast manuelt, seier ho.
Kart
Trafikkulukke ved Sande
Kilde: Google MapsSiste: Sogn og Fjordane
| Skisenter | Ver | Siste snøfall |
|---|---|---|
| Levert av Skiinfo.no | ||
| Breimsbygda |
|
06/02 (20 cm) |
| Sogndal - Hodlekve |
|
06/02 (47 cm) |
| Jølster |
|
09/02 (5 cm) |
| Harpefossen |
|
06/02 (5 cm) |
| Sogn Skisenter |
|
06/02 (25 cm) |
| Stryn |
|
02/02 (20 cm) |
| Sunnfjord |
|
09/02 (10 cm) |
















Har skapt sin eigen arbeidsplass
Bjarne Lerum Bilmuseum