10.02.2012

Gir alt som Varg Veum-statist

Varg Veum-filming i Angedalen (Foto: Simon Solheim/NRK)

Innspelingsleiar Johan Lundin gir 'lensmann' Hans Jakob Reite dei siste instruksane.

Foto: Simon Solheim/NRK

Lange ventepausar, kaffi og røyk, nerver i spenn. Det har vore kvardagen for dei lokale Varg Veum-statistane under innspelinga i Førde den siste veka.

– Ein gong i livet

Hans Jakob Reite akslar rolla som lensmann, og han gir alt for nokre sekund i rampelyset.

– Det er den nakne sanninga. Då eg såg på Facebook at dei var ute etter statistar så berre heiv eg meg rundt og melde meg på. Dette er noko ein kan oppleve ein gong i livet.

– Opplevingsferie i Angedalen

Ei rolle som lensmann i ein storfilm som Varg Veum er verd dei mange timane med venting, meiner Reite.

– Det er berre stas, dette er opplevingsferie i Angedalen. Eg er levande interessert i å sjå korleis ein slik film blir laga, det er hovudmotivasjonen min for å vere med. Og så er det sjølvsagt kjekt om eg skulle kome på nokre sekund, det er rein bonus.

Vanskeleg å halde kjeft

Så høyrest ei stemme i ein megafon: Er vi klare for ei prøve?

– Då må vi vere stille, det å halde kjeft er vanskeleg for ein mann som meg.

Varg Veum-filming i Angedalen 2 (Foto: Simon Solheim/NRK)

Angedølen Øystein Hegrenes og Agnes Alisøy frå Florø hadde rollene som blodige lik. Etter opptaka kunne dei tørke av seg.

Foto: Simon Solheim/NRK

Lokale vart prioritert

Over 150 personar frå heile landet melde si interesse for å vere statistar under innspelinga i Førde. Men då dei kring 90 statistrollene skulle delast ut var det dei lokale frå fylket som fikk førsteprioritet.

Florøværingen Oda Alisøy Søvig, i denne samanheng kriminalteknikar, er klar:

– No har vi fått på oss kostymer i det minste, så får vi sjå kor lang tid det tek. Det er viktig å ha godt med kle på seg, mat og tolmod.

– Du veit ikkje om scena du er med i blir med i filmen. Kvifor gjer du dette likevel, du brukar mykje tid på å berre vente?

Trond Espen Seim som Varg Veum i Angedalen (Foto: Simon Solheim/NRK)

Varg Veum sjølv, Trond Espen Seim, vart forkjøla av all ventinga.

Foto: Simon Solheim/NRK

– Utruleg spennande

– Det er berre utruleg spennande å vere med på å sjå på alle folka som jobbar og styrer, og kor mykje som skal til for fem sekund med film. Det er bonus om vi skulle kome med, vi får berre sjå.

Og endeleg er det klart for scena der Hans Jakob Reite spelar lensmann
Men først må det instruksar til. Og etterpå er han nøgd med innsatsen.

– Det var stas veit du, sjølv om det berre var nokre få sekund.

Kommentarsystemer er levert av DISQUS. NRK står ikke ansvarlig for misbruk av Disqus gjennom andre installasjoner enn på NRK.