Hopp til innhold

Førde tapte for Stabæk-juniorane

2. divisjonslaget Førde gjekk på sitt andre nederlag på heimebane for sesongen då juniorane til Stabæk kom på besøk måndag kveld.

Thor Erik Nygård

Thor-Erik Nygård sende Førde i leiinga, men måtte sjå juniorane frå Stabæk snu kampen etter kvilen.

Foto: Rune Fossum / NRK

Førde tapte 1-2 i sitt andre strake tap i haust. Då vårsesongen vart avslutta med to uavgjort, har ikkje Førde vunne sidan 3-2 sigeren mot Vålerenga 2 13. juni.

- Desse tre poenga hadde vore ufatteleg deilige. Difor er det så kjipt no. Det er mest som eg lurer på om det er slik det er å vere deprimert. Alt kjennes gale ut. Når ein spelar i 2. divisjon, så skal ein høvle over eit juniorlag. Uansett kor gode dei er, seier Thor-Erik Nygård.

Fekk 1-2 i fleisen

Nygård sende Førde i leiinga med si femte scoring for sesongen etter ein strålande soloprosetasjon. Frå dødlinja runda han to stopparar før han dunka ballen bak gjestene sin einaste seniorspelar, Iven Austbø.

Kring kvarteret før slutt får han ein ny kjempesjanse. Åleine med Austbø, og med krampe i begge beina, skyt han rett på keeperen.

- Eg tenkte å skyte hardt i lengste, men det var ei god redning av keeper. Eg reiser meg og ser 2-1 til Stabæk. Då tenkte eg, er det mogleg, seier Nygård.

- Eit ungt godt lag

Assistenttrenar Lars Ove Nistad skildrar den aktuelle sjansen som ein nøkkelsjanse for Førde. For bærumslaget gjekk rett i angrep - og scora.

Nettkjenning på denne sjansen kunne fort gjeve eit anna resultat. I løpet av få minutt snudde Stabæk 2 kampen til deira fordel.

- Vi mister initiativet etter pause og blir trykt meir og meir bakover. Stabæk får lov til å spele ball. Dei spelte typisk Stabæk-fotball, var god med ball og hadde stor løpskraft. Eit ungt godt lag, skildrar Nistad.

Leia fortent

Førde var det beste laget før kvilen og leia fortent 1-0 til pause.

- Vi skaper ikkje mykje i første omgang heller, men har initiativet og får 1-0 på ein fantastisk enkeltmannsprestasjon. I andre omgang får Stabæk ha ballen meir, seier Nistad.

Utover andreomgangen fekk gjestenes Jiress Suka Suka styre kampen meir og meir frå midtbaneposisjon. Heimelaget makta ikkje ta ut stabækjunioren.

- Han var definitivt banens beste spelar, legg Nistad til og ergrar seg over at Førde for fjerde kamp på rad glipp på deffensive dødballar.

I gløymeboka

Sesongen er no halvspelt og Førde er nummer ti på tabellen med sine 15 poeng. Det er tre poeng meir enn Vålerenga 2 som ligg under nedrykksstreken. Osloklubben vann måndag 3-1 over Bærum.

Stabæk 2 klatra derimot opp eit hakk på tabellen til 5. plass med sine 21 poeng.

- Med siger hadde vi hatt heng på dei fire øvste laga, men vi er framleis på rette sida av nedrykksstreken. Og det er det vi jobbar mot, seier Nygård.

Møter topplaga

Førde møter topplaga Asker (heime) og Notodden (borte) i sine to neste kampar.

- No må vi gløyme denne kampen. Vi veit kva vi kan og vi veit at vi kan hamle opp med dei beste, seier Nistad.