Lastebileigar trugar med utflagging av 33 vogntog
Ein av Norges største fisketransportørar, Byrknes Auto i Gulen, trugar med utflagging av heile bilparken.
Publisert 26.07.2010 09:09.
- Skriv ut

33 VOGNTOG: Gulen-selskapet Byrknes Auto sysselset 100 sjåførar. Byrknes har avdelingskontor i Oslo, Bergen, Ålesund og Tromsø.
Foto: Pressefoto/Byrknes Auto– Vi merkar no at anboda og lasta forsvinn til billegare aust-europeiske selskap. Og det er kun på pris vi taper, seier administrerande direktør Stein Inge Larsen i Byrknes Auto til NRK.
Vurderer Baltikum
Han har 100 sjåførar og 33 bilar i selskapet med hovudbase på Byrknes i Gulen. Transportøren har spesialisert seg på frakt av fisk.
– Blir det ikkje likare vilkår her, så må eg flytte ut av Norge. Då er det i Baltikum eller Polen eg må registrere bilane mine, seier Byrknes.
Føreslår eiga avgift
No får lastebileigarane ei handsrekking frå Høgre. Partiet vil innføre ei ny avgift som gjer at utanlandske vogntog må betale avgifter og bompengar på lik linje med dei norske.
Slik er det ikkje i dag, og norske lastebileigarar blir i stadig større grad utkonkurrert av utanlandske transportselskap som pressar ned prisen på last langs norske vegar.
Køyrer nesten gratis i Norge
Utanlandske vogntog fyller billeg diesel i heimlandet - og fordi dei aldri får tilsendt rekning frå bomstasjonane, køyrer den utanlandske traileren nærast gratis på norske vegar.
Samstundes må norske transportselskap betale både bom og dieselavgift - skilnaden i pris per transportoppdrag blir på fleire tusen kroner
Norsk Lastebileigarforbund støttar forslaget frå Høgre.
Siste: Sogn og Fjordane
- Bjarne Lerum får bilmuseum
- Rektor politimelder politiet
- Ny stor Havyard-kontrakt
- Fylkesmannen avviser Berg-klage
- Han har bakt 1200 morsdagskaker
- June Andenæs mot historisk medalje
- No skal Gjøran representere Norge
- Mot tidenes cruisesesong
- I grøfta med fleire tonn sponplater
- Turistnæringa fryktar eurokrisa
| Skisenter | Ver | Siste snøfall |
|---|---|---|
| Levert av Skiinfo.no | ||
| Breimsbygda |
|
06/02 (20 cm) |
| Sogndal - Hodlekve |
|
06/02 (47 cm) |
| Jølster |
|
09/02 (5 cm) |
| Harpefossen |
|
06/02 (5 cm) |
| Sogn Skisenter |
|
06/02 (25 cm) |
| Stryn |
|
02/02 (20 cm) |
| Sunnfjord |
|
09/02 (10 cm) |
Siste: Sogn og Fjordane
Bjarne Lerum får bilmuseum - Rektor politimelder politiet
- Ny stor Havyard-kontrakt
- Fylkesmannen avviser Berg-klage
- Han har bakt 1200 morsdagskaker
- June Andenæs mot historisk medalje
- No skal Gjøran representere Norge
- Mot tidenes cruisesesong
- I grøfta med fleire tonn sponplater
- Turistnæringa fryktar eurokrisa

















