Hopp til innhold

Dansande rekord i Gaular

Femårsjubilanten Sande Dansefestival sette i helga publikumsrekord med til saman 2500 besøkande. No kan arrangøren truleg sjå fram mot eit lite overskot.

Sande Dansefestival 2010

FREDAGEN: Folk svinga seg i telteltet, ein av to konsertarenaer på festivalen.

Foto: Vidar Gudvangen, NRK

– Laurdag hadde vi 1500 besøkande. Det er 300-400 meir enn førre rekord, og fredagn hadde vi 900, også det rekord, opplyser festivalsjef Per Kapstad.

Tek ein med dei første som mødte opp på festivalstarten torsdag, endar ein på totalt 2500 personar. Den førre rekorden var på 2200.

– Veldig positive tilbakemeldingar både frå publikum og artistar. Banda har ringt oppatt då dei var komne heim og sagt at dette var veldig vellykka, fortel Kapstad.

Han har ikkje den fulle og heile oversikten enno, men reknar ikkje med å gå i minus. Etter tre dagar med til saman åtte danseband på to scener på festivalområdet i Åbergsdalen, nokre kilometer sør for Sande i Gaular.

– Alt ser ut til å ha gått bra, så då blir det kanskje eit lite overskot.

Festivalsjefen kan melde om tre dagar utan bråk av noko slag.

– Folk har kosa seg. Dugnadsgjengen skal ha mykje takk, seier ein fornøgd Per Kapstad til NRK.