For mange søv seg gjennom skuleåret

Skuleelevar må betre innsatsen om dei vil sikre seg læreplass i industrien.
Foto: Arve Uglum/NRKRisikerar å ikkje få læreplass i industrien.
Publisert 24.07.2010 09:58.
- Kommentarer
- Skriv ut
- Elevar som skulkar og ikkje følgjer med på skulen kan i framtida stå utan læreplass.
Det seier dagleg leiar Jorunn Eide Kirketeig ved opplæringskontoret for industri og teknologifaga i Sogn og Fjordane.
Sjølv om moralen blant elevane har betra seg dei siste åra er Eide Kirketeig framleis uroa.
Åtvarande peikefinger
Framfor ein ny skulehaust kjem ho med ein åtvarande peikefinger til dei som skal på skulebenken.
– Dei som vi tek inn no i læreplassane må ha kvalifisert seg ved å har bestått vidaregåande skule og er klar for å ta utfordringane når dei skal gå i lære.
På vegne av industribedriftene i Sogn og Fjordane kjem Eide Kirketeig no med ei klar åtvaring. Elevar som ikkje tar skulen på alvor og har for mykje fråvær kan ikkje vente seg å få læreplass i framtida.
– Vi kan ikkje fortsette sånn, for industrien skal vere konkurransedyktig, og då trenge vi dei aller beste fagarbeidarane, seier Eide Kirketeig.
Grunn til bekymring
Sjølv om meir eller mindre samtlege av industrilærlingane i år har fått seg læreplass, meiner Eide Kirketeig det er grunn til bekymring.
Gjennom fleire år har opplæringskontoret gjort seg erfaringar med at industribedriftene seier nei til elevar som sove seg gjennom skuleåret..
– Når dei kjem til oss utan det rette grunnlaget, så blir dei for svake lærlingar og det blir problematisk å få dei ut som dyktige fagarbeidarar.
Får støtte frå Elevorganisasjonen
Også i Elevorganisasjonen i fylket er dei klar over at nokre elevar ikkje er veldig gira på å gå på skule. Leiar Nikolai Belsvik meiner det er uheldig.
– Det er veldig synd at elevar skulkar. Vi arbeider med dette, men det er vanskeleg når det er heilt opp til elevane kva dei har lyst til å gjere.
Han håpar åtvaringa frå Eide Kirketeig når fram til dei elevane det gjeld.
– Dersom dei blir merksame på konsekvensar det kan få så trur eg ein god del vil bli meir obs.
Siste: Sogn og Fjordane
- Furnes kan bli fylkesleiar i KrF
- Kleppa vil gi drosjene betre vilkår
- Fleire klaga til Pasientombodet
- Bussen er vekk frå E39-rasteplass
- Utførte 21 lovbrot på ni månader
- Suste forbi politiet i 60-sone
- Giske spelte spel med aksjonistar
- Rift om farlege hus på billigsal
- Fekk 3000 kr i bot for kattedrap
- Gjermunstad ventar ved telefonen
| Skisenter | Ver | Siste snøfall |
|---|---|---|
| Levert av Skiinfo.no | ||
| Breimsbygda |
|
06/02 (20 cm) |
| Sogndal - Hodlekve |
|
06/02 (47 cm) |
| Jølster |
|
09/02 (5 cm) |
| Harpefossen |
|
06/02 (5 cm) |
| Sogn Skisenter |
|
06/02 (25 cm) |
| Stryn |
|
02/02 (20 cm) |
| Sunnfjord |
|
09/02 (10 cm) |
Siste: Sogn og Fjordane
Furnes kan bli fylkesleiar i KrF - Kleppa vil gi drosjene betre vilkår
- Fleire klaga til Pasientombodet
- Bussen er vekk frå E39-rasteplass
- Utførte 21 lovbrot på ni månader
- Suste forbi politiet i 60-sone
- Giske spelte spel med aksjonistar
- Rift om farlege hus på billigsal
- Fekk 3000 kr i bot for kattedrap
- Gjermunstad ventar ved telefonen

















Melodi Grand Prix i Florø