CP-råka symde 4,7 kilometer
CP-råka Charlotte Roaldseth (23) frå Tornes i Romsdal brukte fire og ein halv time på å symje frå Borlaug til Leikanger.
Publisert 22.07.2010 13:12. Oppdatert 22.07.2010 13:49.
- Kommentarer
- Skriv ut
- Dette er ein heilt fantastisk prestasjon, eg tek av meg hatten for Charlotte seier Randi Væhle Rodriguez, seniorrådgjevar i CP-foreininga, til Sogn Avis.
HØYR: - Det var overraskande lett, fortel Charlotte Roaldseth.
Har trena i to år
Tysdag viste CP-råka Charlotte Roaldseth stålvilje av det sjeldne, då ho trassa kraftige straumar og kaldt vatn, og kryssa Sognefjorden. I løpet av fire timar og 35 minutt symde ho frå frå Borlaug, mellom Feios og Fresvik i Vik, til Leikanger.
Visste du at...
Foto: Leif Arne Aasen- Sognefjorden er Norges lengste og ein av verdas lengste fjordar med sine 205 kilometer.
- Ytre del, mellom øyane i Solund i nord og Gulen i sør, kallast Sognesjøen.
- Indre armar skjer seg inn i til dels svært høge fjellmasser; botnen av Lustrafjorden ligg berre 12 km luftlinje frå Austanbotntindane i Hurrungane.
- Midtre og indre del er fjordsidene bratte og høgdeskilnaden aukar austover.
- Største målte djupne er utanfor Vadheimsfjorden, med 1 308 meter.
Kjelde: Store Norske Leksikon
For Roaldseth har det vore ein draum å gjennomføre turen. Utan drakt og andre hjelpemiddel har ho no oppfylt kravet til ein ekte fjordsymjar.
- Eg har trena med denne symjeturen for auga i to år, seier ho til avisa og legg til at det kvar veke har blitt tre-fire økter på minimum 90 minuttar i opptreningsperioden.
- Har stålvilje
I tillegg til ein følgjebåt, vart 23-åringen ledsaga av far sin Svein Breivik som følgde symjeturen i kajakk.
- Ho har stålvilje, fortel Breivik til avisa. Det herskar noko uvisse på symjedistansen ettersom ettersom straumen førde henne meir vestover enn det som var planen.
- Kraftfull personlegdom
For Væhle Rodriguez i CP-foreininga, er mektig imponert over Roaldseth som måtte lite mest på armane sine under symjeturen.
- Hugs at ho må bruke tre gonger meir energi enn andre, seier ho til avisa og konstaterer.
- Det må ein kraftfull personlegdom til for å gjennomføre dette.
Kart
CP-råka Charlotte Roaldseth symde frå Borlaug til Leikanger i Sogn.
Kilde: Google MapsGalleri
Siste: Sogn og Fjordane
- Furnes kan bli fylkesleiar i KrF
- Kleppa vil gi drosjene betre vilkår
- Fleire klaga til Pasientombodet
- Bussen er vekk frå E39-rasteplass
- Utførte 21 lovbrot på ni månader
- Suste forbi politiet i 60-sone
- Giske spelte spel med aksjonistar
- Rift om farlege hus på billigsal
- Fekk 3000 kr i bot for kattedrap
- Gjermunstad ventar ved telefonen
| Skisenter | Ver | Siste snøfall |
|---|---|---|
| Levert av Skiinfo.no | ||
| Breimsbygda |
|
06/02 (20 cm) |
| Sogndal - Hodlekve |
|
06/02 (47 cm) |
| Jølster |
|
09/02 (5 cm) |
| Harpefossen |
|
06/02 (5 cm) |
| Sogn Skisenter |
|
06/02 (25 cm) |
| Stryn |
|
02/02 (20 cm) |
| Sunnfjord |
|
09/02 (10 cm) |
Siste: Sogn og Fjordane
Furnes kan bli fylkesleiar i KrF - Kleppa vil gi drosjene betre vilkår
- Fleire klaga til Pasientombodet
- Bussen er vekk frå E39-rasteplass
- Utførte 21 lovbrot på ni månader
- Suste forbi politiet i 60-sone
- Giske spelte spel med aksjonistar
- Rift om farlege hus på billigsal
- Fekk 3000 kr i bot for kattedrap
- Gjermunstad ventar ved telefonen






CP-råka kryssa Sognefjorden















Melodi Grand Prix i Florø