Hopp til innhold

Sletta 89 år gamal nedbørsrekord

Med 66,2 millimeter nedbør siste døgn, knuste Briksdalen julirekorden frå 1921.

Briksdalen

Briksdalen i Nordfjord.

Foto: Helge Sunde / Sunde, Helge

Stasjonen som har vore i drift sidan 1895 målte sitt våtaste døgn på nær 90 år. Den førre julirekorden var på 45 millimeter. Siste 24 døgna vart den knust med over 20 millimeter.

- Seier du det? Det regna bra, og så var det torden og det regna godt i samband med det. Men eg kan ikkje seie vi opplevde det så dramatisk, fortel Inge Melkevoll og legg til han har opplevd det verre.

Våtast i fylket

Målinga meteorologisk institutt fekk inn i morgontimane, viste at Briksdalen var våtast i fylket siste døgn. Våtast var derimot Modalen i Kvam herad i Hordaland med 70,4 millimeter.

I alt viste ti av målestasjonane i Sogn og Fjordane over 50 millimeter nedbør - eller 50 liter vatn per kvadratmeter.

- Dei andre fekk under 50 mm. Det er det same som 50 000 liter, fortel meteorolog Geir Ottar Fagerlid.

På Sandane i Gloppen vart rekorden på 24,6 millimeter frå 1989 sletta, medan Fjærland sletta sin tre år gamle julirekord på 26,8 millimeter. For Høyanger sin del målte dei den største nedbørsmengda i juli på 46 år.

Ny veg vart testa

For Melkevoll og sambygdingane sin del, har dagen gått på det jamne. Upåverka av regnet.

- Sjølv brukte eg gårsdagen til å avslutte ein veg. Eg var ekstra tidleg oppe i dag for å sjekke at grøftene tok unna som dei skulle. Og det gjorde dei. Så vegen har fått testa seg skikkeleg, humrar han.

- Trolsk stemning

Sjølv om trafikken langs vegane truleg hadde vore større i solskin, fekk også turistane i dalen noko positivt ut av det så langt våtaste julidøgnet.

- Trafikken var så enorm at eg fekk problem. Det var ein formidabel trafikk. Men turistane let seg imponere av store spennande fossar og overalt stogga folk i skoddeheimen for å ta bilete utover vatnet. Det var ei trolsk stemning, fortel han.

- Ikkje så dårleg

Sjølv meiner han ikkje veret har vore så dårleg i år, som det blir framstilt på radioen.

- Vi har hatt veldig mykje gode dagar innimellom. Nest siste godversdag hadde vi rundt 30 varmegrader, seier han.

- Ein ser det også på bresmeltinga og vassføringa. Hovudelva har vore svært stor ei tid og det har først og fremst med bresmelting og høge temperaturar, seier han.