Hopp til innhold

Bil feia på fjorden av jordras

Ein mann tidleg i 20-åra frå Askvoll er frakta til legevakta i Førde etter at bilen han førde vart feia på fjorden ved Heilvang i Sogn og Fjordane.

Bil feia på fjorden av jordras i Askvoll

Eit jordras feia ein bil på fjorden i Askvoll.

Foto: Bård Siem, NRK

Mannen var åleine i bilen då han kom midt i eit mellom ti og 20 meter breidt jord og steinras på riksveg 609 mellom Førde og Askvoll. Riksveg 609 er stengd på staden.

- Mannen hadde nett køyrd forbi ein bil då han såg raset komme. Han vart dratt ut i fjorden. Medan bilen flaut i fjorden klarde han å komme seg ut, fortel reporter Bård Siem som er på staden.

Utruleg flaks

Bil feia på fjorden av jordras i Askvoll

Ambulanse og politi kom tidleg til staden.

Foto: Bård Siem / NRK

Politiet opplyser at mannen ikkje ser ut til å ha fått fysiske skader, men seier også at bilføraren har hatt utruleg flaks at det ikkje gjekk verre. Mannen vart send til sjukehus i Førde med ambulanse etter den dramatiske hendinga.

- Han kom seg ut etter at bilen hamna i fjorden, og det framleis rasa. Dette kunne gått langt verre, seier politiet på staden.

- Bilen ligg framleis og balanserer i fjorden heilt inne ved land, fortel Siem.

(Artikkelen held fram under biletet)

Bil feia på fjorden av ras

Medan bilen låg i fjorden, klatra føraren ut og kom seg i land.

Foto: Vegar Erstad / NRK

Såg i spegelen

Politiet opplyser at det ikkje er noko som tyder på at det var fleire personar i bilen, eller fleire bilar involvert. Mannen har sjølv fortalt politiet at han såg i spegelen at ingen fleire bilar vart tekne.

- Føraren var åleine i bilen og han kom seg uskadd ut av bilen. Det er ingenting som tyder på at det var fleire i bilen, eller fleire bilar involvert, opplyser operasjonsleiar Leif Bell ved Sogn og Fjordane politidistrikt.

Dykkarar skal no ned og kontrollere at det ikkje er fleire i bilen. Geologar vil også kome på synfaring.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.