Hopp til innhold

Tek med gullet heim frå Danacup

Førde G18 måtte tåle tøffe taklingar under finalekampen mot Karanba, som enda med siger til Førde i straffekonkurransen.

Målmann redda dagen

Eit dramatisk oppgjer under den store internasjonale fotballturneringa i Danmark enda med siger for Førde sitt juniorlag. Førde G18 var det beste i si klasse, tett fulgt av brasilianske Karanba. Dei møttes til finale klokka 12.00 laurdag i Fredrikshavn.

Etter 90 minutt stod stillinga framleis 0-0 og kampen skulle avgjerast i straffekonkurranse. Det enda i 4-3 til Førde, der målmannen som redda det siste skotet og var den som satte det avgjerande fjerde målet for Førde.

Tøft spel

Nede etter stygg takling

Kim Herstad vart sendt av bana med ei stygg kneskade etter taklinga. Den brasilianske motspelaren fekk gult kort.

Ei brasiliansk grisetakling enda stygt for Kim Herstad på Førde sitt gutar 18 lag under finalen i fotballcupen Danacup.

- Eg var i kontring framover og skulle forbi då han smalt inni meg. Alt vart svart etter det, fortel Herstad.

Han vart bert av bana og frakta til sjukestova. Der fekk han beskjed om at kneskåla var ute av stilling. Når kampen er over skal han rett på sjukehus.

- Finspelt lag

Førdeguten ville likevel attende til bana, for å sjå lagkameratane fullføre finalekampen mot det brasilianske laget Karanba.

- Det er eit finspelt lag vi møter, dei er på ballen konstant og veit kvar dei har kvarandre. Men det er eit tøft lag og ein tøff kamp, seier Herstad.

Den brasilianske motspelaren som sendte Herstad ned for telling fekk gult kort av domaren.