Prioriterer framleis ikkje bilane

Foto: Terje Karlsen
Lastebilar med farleg gods vert framleis prioritert på Fjord1 sine ferjer langs heile vestlandskysten.
Publisert 15.07.2010 12:12. Oppdatert 15.07.2010 14:35.
- Skriv ut
Dette skjer trass i at samferdsleministeren i starten av juli endra forskrifta midlertidig, med intensjonen at personbilane skulle kunne prioriterast i sommarferien.
– Uklart korleis det skal tolkast
Men administrerande direktør Stig Kristoffersen i Fjord1 Fylkesbaatane seier dei ikkje vil endre praksisen sin før dei får ei rettleiing frå Vegdirektoratet.
– Desse nye retningslinjene er jo ei utfordring. Det hjelper jo ikkje på ferieaviklinga eller ferietrafikken, fordi det er veldig uklart korleis dette skal tolkast. Då må ferietrafikken avviklast med gamle retningslinjer.
- LES OGSÅ: - Ferjekapteinane må på skulen
Skaper lange køar
Når lastebilar med farleg gods tek ferje, får berre eit avgrensa tal passasjerar vere med på same tur. Det har lenge skapt store køproblem for ferjetrafikken langs kysten.
2. juli endra difor samferdsleministeren forskrifta. Før har lastebilar med farleg gods fått plass på ferja i den rekkefølgja dei kom til kaia. No skal kvar enkelt kaptein få bestemme om farleg last må vike for å skape flyt i personbiltrafikken, spesielt i sommarferien.
- LES OGSÅ: Farleg last må vike på ferjene
– Venta meir kjøt på beinet
Men før Fjord1 endrar praksis, vil dei ha felles retningslinjer på plass. Kristoffersen seier dei ikkje er klare før etter sommaren.
– Vi hadde forventa litt meir kjøtt på beinet i form av ei rettleiing på korleis vi skal forstå dette. Kundane rundt om i landet må verte likt behandla.
Ber om innspel
Seniorrådgjevar Odd Barstad i Vegdirektoratet seier erfaringar med den nye praksisen skal gje grunnlag for retningslinjene
– Vi har vore i kontakt med reiarlaga sitt landsforbund og bede om å få nokre innspel til korleis rettleiinga kan utformast, før vi lagar ei rettleiing.
– Moglegheit, ikkje pålegg
Fjord1 som trafikkerer dei største ferjesambanda langs E39 vil derimot ikkje kunne bidra med slike erfaringar, fordi dei ikkje har endra praksis.
– Det er jo litt uheldig at det ikkje vert praktisert, seier Barstad.
– Vil vegdirektoratet gripe inn?
– Nei. Forskriften er formulert som ein moglegheit ferjekaptein eller mannskap har, ikkje som eit pålegg. Slik at eg kan ikkje sjå at vi har nokon grunn til å gripe inn.
Tide Sjø opplyser at dei praktiserer den nye forskrifta med å la kapteinane bestemme.
Siste: Sogn og Fjordane
- Blikås persa seg i Pilsen
- Avskilta fem mopedar ved skule
- Éin av tre jobbar gratis overtid
- Fann fenghetter blant farleg avfall
- Nesten 600 000 blei med på togturen
- Mørk personbil etterlyst i Eid
- Ei fantastisk helg i fjellheimen
- - Eikaas må ut av Astrup-skuggen
- «Han var Norges svar på Picasso»
- Balanserer ti meter over asfalten
Siste: Sogn og Fjordane
Blikås persa seg i Pilsen - Avskilta fem mopedar ved skule
- Éin av tre jobbar gratis overtid
- Fann fenghetter blant farleg avfall
- Nesten 600 000 blei med på togturen
- Mørk personbil etterlyst i Eid
- Ei fantastisk helg i fjellheimen
- - Eikaas må ut av Astrup-skuggen
- «Han var Norges svar på Picasso»
- Balanserer ti meter over asfalten













Ekstremsportfestival for ungdom i Sogn