Hopp til innhold

Slik gjekk det då ingen kunne rygga

Å ferdast på smale vegar kan vere ei utfordring, særleg om ein ikkje kan rygge.

Bubil møtar campingvogn mellom Olden og Innvik

Det gjekk ikkje heilt bra å rygge med campingvogn på ein smal veg.

Foto: Heidi Lise Bakke / NRK

Det fekk ein tyskar i bubil og ein nederlendar i bil med campingvogn erfare laurdag ettermiddag. Då møttes dei nemleg på vegen mellom Olden og Innvik på riksveg 60.

- Kunne ikkje rygge

Det var for smalt til at dei kunne passere kvarandre og då måtte den eine rygge.

Bilføraren med campingvogna gjorde fleire forsøk, men lukkast ikkje.

– Han kunne rett og slett ikkje rygge. Eigentleg burde bubilen rygga, men dei var vel like dårlege begge to, seier Ingar Førde frå Bjordal i Høyanger.

Gjekk fram for å hjelpe

Han var ein av mange som vart sitjande i kø medan dei to prøvde å komme forbi kvarandre.

– Eg og ein annan kar fann ut at vi måtte hjelpe til slik at vi fekk løyst opp floka.

Dermed sette han seg bak rattet i bilen til nederlendaren og fekk vogna på rett kjøl igjen.

– Eg køyrde med hengar sjølv, så eg kunne iallefall rygge betre enn han.

Etter ei kvarter kunne alle bilane halde fram turen sin.

Bubil og campingvogn mellom Olden og Innvik på riksveg 60
Foto: Heidi Lise Bakke / NRK