Hopp til innhold

Store og små ville sjå dronninga

Mange spente store og små hadde samla seg i Førde sentrum for å ta imot sjølvaste dronning Sonja.

Mellom anna mange barnehageborn gleda seg i heile dag.

På scena ved Førde Torg fekk dronninga sjå musikalske innslag og ho fekk blomar av hallingdansar Bjørn Are Drageset.

Dronning Sonja er den høgste beskyttaren av folkemusikkfestivalen i Førde og i går opna ho festivalen.