Hopp til innhold

Endeleg klare for kvartfinale igjen

Sogndal slo onsdag LøvHam 3-1 i fjerde runde i NM. No er klubben klar for kvartfinale igjen - for første gong sidan 2001.

Mats Solheim

VIKTIG: Mats Solheim gav Sogndal 1-0 mot LøvHam. Fjerderundekampen mot Løv Ham enda med avansement til kvartfinalen for heimelaget.

Foto: Rune Fossum / NRK

Med 3-1 heime mot LøvHam kan Harald Aabrekk og spelarane førebu seg på å spele kvartfinale i NM.

Slik gjekk Sogndal vidare

Mats Solheim gav Sogndal 1-0 før kvarteret var spelt, men heimelaget fekk det aldri lett mot hardtkjempane løver frå Bergen.

Til pause stod det 1-1, etter at Efe Ehiorobo hadde utlikna for gjestane.

Ved pause sette Sogndal inn Håvard Flo, og skapte med det større tyngde i det offensive spelet.

Etter ein halvtimes spel var Espen Olsen frampå med ei heading, og nokre minutt seinare sette Ahyee Aye Elvis spikaren i LøvHam-kista med 3-1-scoringa.

I kvarten for sjuande gong

Sidan det store gjennombrotet i norsk toppfotball på 1970-talet, har Sogndal spelt seks kvartfinalar i cupen.

Berre éin gong har sogningane avansert til semifinale - i det store cupåret 1976.

Årets kvartfinalar er terminfesta til 14. og 15. august.

Slik har det gått i kvartfinalane: