Hopp til innhold

Måtte binde kiosken fast i varebil

I Oppedalen ved Kannesteinen heldt kioskvogna til Bjørn Oppedal på å blåse vekk og måtte surrast fast i ein varebil.

For i dag har var det vore gråver og dels mykje regn og vind på kysten.

Jan Erik Mikkelsen frå Vikersund

Jan Erik Mikkelsen frå Vikersund

Foto: Bjarne Eldevik/NRK

Ved Refviksanden som er kåra til Norges penaste strand, måtte den einaste turisten, Jan Erik Mikkelsen, rømme frå den sterke vinden.

– Det er første gong eg er her i Refvik. Eg kom på laurdag og hadde tenkt å vere her nokre dagar til. Men no vart eg anbefalt å reise lenger innover mot Måløy då vinden her var opp i full storm i kasta, seier Jan Erik til NRK.

På Kråkenes fyr møtte vi nokre norske og tyske turistar som storkosa seg over veret.

– Fascinerande, var kommentaren deira.