11.02.2012

Innstiller bjørnejakta i Lærdal

Eit av dei bjørnedrepte kadavera (Foto: Håkon Øydvin/Statens naturoppsyn)

IKKJE RESULTAT: Bjørnen har vore på ferde i Indre Sogn, men etter ei veke med jakt står jegerane framleis utan resultat.

Foto: Håkon Øydvin/Statens naturoppsyn

Fellingslaget har vore i sving ei veke - utan resultat.

- Vi har ikkje nye spor eller kadaver å gå ut i frå. Vi har difor førebels innstilt aktiviteten, men vil vere i beredskap i fall det kjem inn meldingar om kadaver, spor eller observasjonar, melder Alf Erik Røyrvik i Sogn og Fjordane skogeigarlag i ei pressemelding.

Fellingslaget for store rovdyr i Sogn og Fjordane har vore i aktivitet i ei veke i samband med skadefellingsløyvet på bjørn i Lærdal.

LES OGSÅ:

Fellingsløyvet gjeld fram til 4. juli.

- Vi oppmodar framleis folk om å halde hyppig tilsyn med beitedyra sine. Meld raskt inn til Statens Naturoppsyn, dersom de skulle finne kadaver, spor og slikt, seier Røyrvik.

Kommentarsystemer er levert av DISQUS. NRK står ikke ansvarlig for misbruk av Disqus gjennom andre installasjoner enn på NRK.