Hopp til innhold

Norsk meister i hesteskokasting

Den nybakte meisteren i hesteskokasting skuldar på flaksen.

Kurt Jonny Årdal frå Vikane Hesteskoklubb kan kalle seg dagens helt og norsk meister i hesteskokasting.

- Sjølv om eg er dyktig, må eg nok skulde på flaksen, seier ein audmjuk Årdal, og legg til at det ikkje ligg noko hardt treningsregime bak dåden.

Torbjørg og Tollef Årdal frå Skjold Hesteskoklubb vart norgesmeisterar i klassa Par Mix.

Meisterskapen vart arrangert på Breim i helga.