Hopp til innhold

Blir ikkje meir sprenging

Det vert ikkje meir sprenging i rasområdet i Gudvangen.

Sprengning på Nebbet i Gudvangen

Det blir ikkje meir sprenging i Gudvangen.

Foto: Arnstein Karlsen

Det har Aurland kommune saman med geologar bestemt i dag, tysdag. I førre veke gjekk det eit stort ras på Skjerpi, og i går vart restane av dei store steinmassane sprengt vekk.

Rådgjevar Bjørn Sture Rosenvold i Aurland kommune seier partiet som heng att ikkje vil bli sprengt ned.

– Geologen har vurdert i dag at det ikkje er tilrådeleg å sprenge meir ned frå fjellet, seier Rosenvold

– Kva har dette å sei for dei som bur i området?

– Det har ingenting å sei for bustadane i området. For det er ingen steinar som er så store at vi trur det vil treffe verken bustader eller veg, svarar Rosenvold.

Nebbet sprengt vekk