Hopp til innhold

Kan få nytt kloster

Nonner frå Hellas vil grunnlegge nytt kloster i Selje.

Selja Kloster

Ein draum i ti år

Den norskfødde nonna Thavoria Gillebo har drøymt å etablere eit nytt kloster i ti år. Draumen kan gå i oppfylling. Både biskop Halvor Nordhaug i Bjørgvin og Selje-ordførar Gunn Helgesen er positive til initiativet.

- Det er både fantastisk og eksotisk om vi igjen kan få eit levande klosterliv på Selja, seier Helgesen til avisa Bergens Tidende.

Vil bu på Selja

Helgesen har jamnleg kontakt med det gresk-ortodokse klosteret i Hellas, og fortel at nonnene helst vil kjøpe ein gard og bu fast på øya.

- Vi håpar den norsk kyrkja kan gje dei tomt.

Førebels har ikkje nonnene noko konkret tidsplan for eit nytt klosterbygg. Men biskop Norhaug har sendt eit brev til klosteret i Petra, noko Helgesen håpar kan bety eit gjennombrot for klosterdraumen.

- Eit samarbeid mellom kyrkja og eit framtidig kloster vil bety mykje for turistsatsinga i Selje, avsluttar Helgesen.