10.09.2010

- UDI har for dårleg kunnskap

NOAS (Foto: Roald, Berit/SCANPIX)

Konstituert generalsekretær Sylo Taraku i NOAS er skremd over behandligna alvorleg sjuke asylsøkjarar får i Norge.

Foto: Roald, Berit/SCANPIX

Norsk Organisasjon for asylsøkjarar (NOAS) kritiserer Utlendingsdirektoratet (UDI) for manglande kunnskap.

Organisasjonen meiner UDI har for dårleg kunnskap om helsetilbod i land dei sender asylsøkjarane attende til.

- Alt blir brukt for å rettferdiggjere eit avslag. Ein ser ikkje på om søkjaren har relle mogelegheiter for å få behandling ved retur, seier konstituert generalsekretær Sylo Taraku.

Strama inn

UDI har bestemt å sende ein velintegrert familie i Førde med to psykisk sjuke foreldre attende til Kosovo. Men familien er ikkje åleine.

Ifølgje NOAS blir stadig fleire alvorleg sjuke asylsøkjarar sende ut av Norge etter at regjeringa for snart to år sidan strama inn grepet for å redusere tal asylsøkjarar.

No får også dei alvorleg sjuke avslag. Som då ein funksjonshemma vart sendt tilbake til Kosovo. Og ein afghansk gut, som norske legar erklærte suicidal, vart sendt attende til ein landsby i heimlandet.

Har vore innlagde

På same måte er ikkje foreldra til ni år gamle Ilda sjuke nok til å få opphald på humanitært grunnlag.

Etter to år i Førde skal familien Gugna attende til Kosovo, sjølv om dei alvorleg psykisk sjuke foreldra har vore innlagt fleire gonger på psykiatrisk avdeling. Systrene er redde.

- Det er allereie vanskeleg for dei no. Må vi reise attende blir det endå vanskelegare, seier dei.

- Til å stole på

UDI baserer sine avgjerder på landinfo, som er eit fagleg uavhengig organ som hentar informasjon frå internasjonale kjelder. Kjelder som er til å stole på, fortel Kirsten Myhre i UDI.

Underdirektør i UDI sin asylavdeling, Kirsten Myhre.  (Foto: UDI)

Underdirektør i UDI si asylavdeling, Kirsten Myhre.

Foto: UDI

- Det er basert på ein del internasjonale kjelder og lokale kjelder.

- Men i kor stor grad veit det at desse asylsøkjarane blir følgde opp når dei kjem heim?

- Det er basert på samtalar med institusjonar som landinfo har besøkt.

- Vanskeleg for dei fleste

Ifølgje NOAS er informasjonen altfor generell. Helsetilbodet kan vere tilgjengeleg i hovudstaden i eit land, medan asylsøkjaren bur i ein landsby oppe i fjellet. I Kosovo er også mykje av helsetilbodet privatisert og kostar mykje pengar.

Ilda (Foto: Vegar Erstad/NRK)

Ilda og familien hennar må ut av landet.

Foto: Vegar Erstad/NRK

Tidlegare EU-observatør Jon Kværne kjenner Kosovo godt. Han forstår ikkje korleis ein familie etter fleire år på flukt skal klare seg der.

- Det er vanskeleg for dei fleste menneske i Kosovo. Er ein ekstra ressurssvak, og ikkje har pengar, så har dei eit ekstra stort problem, seier han.

Vil strame meir

Men justisdepartementet seier at dei har tillit til UDI sine vurderingar i asylsøkjarar. Og det må dei ha - for norske styresmakter ynskjer å strame inn asylpolitikken endå meir.

NOAS har bede justisdepartementet om eit møte - i håp om å stogge utviklinga dei meiner trugar asylsøkjarar sin rettstryggleik.

- Då lurer vi på om det går an å bli strengare enn ein allereie er, seier Taraku.

Kommentarsystemer er levert av Disqus. NRK står ikke ansvarlig for misbruk av Disqus gjennom andre installasjoner enn på NRK.