Hopp til innhold

Boset flyt i handlebyen

Folk kastar frå seg så mykje søppel rundt Førde Torg og Elvegarden at kjøpesentera må bruke to timar kvar morgon på å rydde.

Førde Torg

SVINESTI: Senterleiar Gro Eikebø Stang fortvilar over at folk kastar bosset frå seg på gata i området ved Førde Torg.

Foto: Roy Raasholm Fauske / NRK

– Vi har eit stort problem med boss rundt bygga våre fordi folk ikkje gidd å kaste bosset i søppelspanna.

Det seier senterleiar Gro Eikebø Stang ved Førde Torg og Elvegården til firda.no.

Brukar 100.000

Dei to forretningsbygga har hyra inn ungdommar som har fast jobb med å rydde vekk søppel før dei går på skulen.

– Det kostar oss 100.000 kroner årleg å rydde opp i bosset som vert kasta på bakken om kveldane og nettene, seier Eikebø Stang til avisa.

Vurdererer kameraovervaking

Boss som flyt har lenge vore eit problem. Verst er det på torgplassen mellom Førde Torg og Elvegården.

Ei løysing som blir vurdert er å installere overvakingskamera.

– Men det blir eit kostnadsspørsmål, seier Eikebø Stang som helst hadde sett at folk nytta seg av dei fastmonterte bossdunkane på området.