Her er Norges finaste strand

Med sine kring 1,5 kilometer, er sandstranda i Vågsøy kåra til Norges finaste.
Foto: Ottar Starheim/NRKRefviksanden i Vågsøy er Norges finaste badestrand.
Publisert 14.06.2010 21:12.
- Kommentarer
- Skriv ut
Det meiner iallefall lesarane som har delteke i avstemninga på nettstaden klikk.no.
Dei kvite sandbankane i Vågsøy fekk over halvparten av dei vel 5 000 stemmene i avrøystinga til nettstaden. Badestranda er om lag 1,5 kilometer lang og er eit ynda reisemål for badeglade.
- SEI DI MEINING: Kva meiner du er den finaste badeplassen i fylket?
Refviksanden vart i 1988 kåra til Norges finaste badestrand av Dagbladet og fekk tre år seinare tredjeplass hos den same avisa. Då kåra Nitimen og NRK Refviksanden til den nest finaste badestranda.
Brennviksanden i Nordland tok andreplassen, medan Orrestrand i Rogaland hamna på tredjeplass i den siste kåringa.
Kommentarsystemer er levert av DISQUS.
NRK står ikke ansvarlig for misbruk av Disqus gjennom andre installasjoner enn på NRK.

















Sol og sommar i fylket