Hopp til innhold

- Kan ikkje gjennomføre kutta

Stortingsrepresentant Erling Sande (Sp) er overraska over kuttframlegga til Helse Førde.

Erling Sande

Stortingsrepresentant Erling Sande (Sp) er overraska over framlegget frå Helse Førde.

Foto: Brit Jorunn Svanes / NRK

Administrasjonen føreslo måndag å legge ned fødetilbodet i Lærdal og ortopedien i Eid .

- Det som er oppsiktsvekkande, er at ein har lagt fram eit framlegg som er i strid, ikkje berre med det Senterpartiet står for, men det som er dei politiske føringane sagt og vedteke av stortinget og gjenteke av regjeringsmedlemer. Det er overraskande og oppsiktsvekkande at ein kjem med framlegg som er i strid med det politikarane har sagt, seier stortingrepresentant Erling Sande (Sp).

- Ikkje mogleg å gjennomføre

Med tanke på lovnadane som mellom andre helseminister Anne-Grethe Strøm-Erichsen (Ap) og Statsminister Jens Stoltenberg (Ap) kom med i mai, meiner Sande at kuttframlegga ikkje er gjennomførbare.

- Eg reknar med og legg til grunn at helseministeren følgjer opp det ho sa då ho var på besøk i fylket vårt. Gjer ho det, så er ikkje dette framlegget mogeleg å gjennomføre, seier Sande.

(ARTIKKELEN HELD FRAM UNDER TV-INNSLAGET)

Video HELSEKUTT-førde

SJÅ: Forslaget er å legge ned fødeavdelinga i Lærdal og Eid på sikt. Dei foreslår og å legge ned ortopedien i Eid og flytte den til Lærdal som ei overgangsordning.

- Uheldig og uverdig

Tilsette i Helse Førde har reagert med sinne etter at framlegget vart klart. Dei fryktar endå dårlegare tilbod til pasientane. Denne frykta deler også stortingsrepresentant Bjørn Lødemel (H).

Bjørn Lødemel

Bjørn Lødemel meiner dei raudgrøne politikarane driv eit uverdig og uheldig spel.

Foto: Vegar Erstad / NRK

Lødemel kallar det heile eit uheldig og uverdig spel av dei raudgrøne politikarane.

- Eg tykkjer det vi ser no er eit uverdig spel der raudgrøne politikarar seier ein ting og gjer noko anna. Ein ser administrasjonen i Helse Førde gjere framlegg som raudgrøne politikarar stemplar nord og ned. Eg tykkjer det vi ser no er eit uverdig spel og det er brukarane av sjukehustenestene i Sogn og Fjordane som eg trur blir taparane av dette, seier han.

Naudrop om pengar

Lødemel meiner framlegget ber preg av å vere eit naudrop om pengar. Sjølv om ein legg ned føden i Lærdal og ortopedien på Nordfjordeid snarast råd, vil Helse Førde trenge 48 millionar kroner ekstra for å halde hjula i gang .

Lødemel meiner heile situasjonen er dramatisk for Sogn og Fjordane.

- Kanskje kjem vi i ein situasjon der det ikkje er helsetilbod mellom Førde og Ålesund, sjølv om det går på to regionar, og dette med fødetilbod som held faglege mål og der tilhøve for mor og born er det som er viktigast, seier han og deler Sande si haldning om at helseføretaket burde vente på den nasjonale helseplanen før dei starta prosessen med endre sjukehusstrukturen.

Feil rekkefølgje

Sande meiner den naturlege, og mest ryddige, rekkefølgja var at Stortinget først fekk diskutere kva helsetilbod ein skal ha, og så sjå dette i samband med budsjetta. Sjølv om tida er knapp, meiner han det ville vere nok av tid for Helse Førde.

Styret i Helse Førde tek stilling til framlegga fredag.

- For å sikre demokratisk forankring, så må vi få sjanse til å diskuttere dette i Storting og så får det vere føringane som ligg i høve kva helsetilbod vi skal ha, seier Sande.

Kunne ikkje stille

Helse- og omsorgsdepartementet kunne ikkje stille til intervju i ettermiddag. Statssekretær Ragnhild Mathisen skriv likevel i ein epost at ho ikkje vil ta stilling til enkeltframlegg i Helse Førde når Helse Vest skal utarbeide ein større plan for fødetilbod innan første oktober i år.

- Eg reknar med at desse framlegga er ein del av dette. Dette er i eit ledd i oppfølginga av Stortingets handsaming av fødemeldinga i fjor. Planen skal også omfatte svangerskaps- og barselomsorg, skriv Mathisen.