Hopp til innhold

Elise herja med Lillestrøm

Med to mål og ei målgjevande pasning, hadde Elise Thorsnes ein god dag på jobben då Røa slo Lillestrøm 3-0 i Toppserien.

Elise Thorsnes

I SCORINGSHUMØR: Elise Thorsnes scora to mål i Toppserien mot Lillestrøm. No leiar Røa serien - iallfall i nokre dagar.

Foto: Bjørn Sigurdsøn / Scanpix

Elise Thorsnes og Røa leiar no serien, etter at dei laurdag slo Lillestrøm 3-0 på heimebane i Toppserien.

Thorsnes var kampens sentrale spelar, då ho var involvert i alle måla:

  • 1-0: Fem minutt ut i andre omgang fekk spissen draumetreff frå om 25 meter. Ballen gjekk i ei kurve inn i høgre hjørne.
  • 2-0: Sju minutt seinare var Thorsnes frampå med målgjevande pasning til Emilie Haavi.
  • 3-0: Thorsnes sette ballen kontrollert i mål på pasning frå Haavi.

- Det er digg å leie serien, seier Røa-trenar Geir Nordby til dynamitegirls.no.

Røa får truleg berre låne tabelltoppen i nokre dagar. Tysdag spelar nemleg Siri Nordeide Grønli og Stabæk hengekamp heime mot Amazon Grimstad.