Hopp til innhold

Sogndal slo Molde ut av cupen

Barry Kader vart den store helten då Sogndal serverte eliteserielaget Molde ei real cupbombe i kveld. No håpar assistenttrenar Terje Skjeldestad på eit storlag som motstandar i neste runde.

Barry Kader

2-MÅLSCORAR: Barry Kader bidrog sterkt til Sogndal si cupbombe.

Foto: Steinar Lote / NRK

Terje Skjeldestad

HYLLAR SPELARANE: Assistenttrenar Terje Skjeldestad.

Foto: Oddleif Løset / NRK

– Dette var kjempekjekt. Det er første gong eg har vore med og vunne i Molde. No blir det godt med ferie, seier assistenttrenar Terje Skjeldestad.

– Gutane stod på som berre f...

Han kan ikkje få rost sitt eige lag nok etter kveldens cupavansement.

– Gutane stod på som berre f... Vi veit at vi har eit godt lag og var godt førebudde på korleis Molde ville angripe kampen. Vi hadde bestemt oss; det var berre ein kamp. Det fikk bære eller briste!

Skjeldestad nyttar store ord når han skildrar tomålsscorar Barry Kader sin innsats i kampen.

– Barry er ein som kan gjere litt ekstra. I dag scorar han to fantastiske mål på rappen. Først då han dribla ein back og skaut eit kjempeskot, og andremålet - når han brått skyt...

Tek ferie i medvind

Skjeldestad er også svært nøgd med å ha Ulrik Flo tilbake på førstelaget.

– Han har trent seg opp og gjer ein god jobb. Han fekk ei fantastisk scoring etter gjennomspel frå Ole Jørgen Halvorsen, kommenterer Skjeldestad på telefon frå spelarbussen på veg tilbake til Sogndal.

Noko feiring blir det ikkje onsdag kveld.

– No tek vi ferie til 21. juni, så i morgon dreg spelarane kvar til sitt. Men dette ser kjempebra ut. No er vi med både i serien og cupen. Vi har bygd opp ei prestasjonsgruppe krydra med erfaringen til Harald (Aabrekk, jour.anm.). Han har bygd vidare på det som var, og har tilført laget mykje, seier Skjeldestad.

Vil ha storlag som dreg publikum

Kven er draumemotstandar i 4. runde?

– Det hadde vore moro å fått eit publikumsvenleg lag som kan trekkje mykje folk til Fosshaugane. Der kan vi slå kven som helst!, lovar Skjeldestad.

Og på Aker Stadion i Molde såg det ut til at Sogndal kan gjere nettopp det - slå kven som helst.

Ulrik Flo

MÅLSCORAR: Ulrik Flo sette spikeren i Molde-kista med si 3-1-scoring.

Foto: Ole Ramshus Sælthun / NRK

Seks minutt ut i kampen hadde ivorianaren Barry Kader sørga for at Molde-målvakt Jan Kjell Larsen hadde henta to ballar ut frå eige nett. Og måla, som var av den vakre sorten, tok fjorårets cupfinalist på senga.

Molde rakna

Molde trykte på og etter 18 minutts spel fekk Christian Steen utteljing etter innlegg frå Magne Hoseth. Men då mitstopparen Vegard Forren få minutt etter måtte ut med skade, rakna mykje av Molde-initiativet og laga gjekk til pause på 1-2 i favør sogndølene.

Flo takka for tilliten

Etter kvilen skulle unge Ulrik Flo få takke for at Harald Aabrekk igjen gav han tillit frå start etter mange kampar for andrelaget. 56. minutt var gått då Flo la på til 3-1.

Når frustrerte Molde-spelarar i tillegg sanka gule kort, låg vegen open for ein cupsensasjon på «Røkkeløkka».

Hoseth såg raudt

Magne Hoseth

FEKK MARSJ-ORDRE: Magne Hoseth måtte gå av bana med to gule kort.

Foto: Aina Rødal / NRK

Først fekk Emil Johansson sitt andre gule etter 66 minutt, før landslagets Magne Hoseth fekk sitt andre gule etter 88 minutt.

Molde trykte på i sluttminuttane, men med ni blåkledde att på bana, måtte Kjell Jonevret sjå at oskeladden frå 1. divisjon slo ut eliteserielaget framfor sine eigne supportarar.

Dermed er Sogndal vidare til 4. runde i cupen.

Ps. Ulrik Flo var einaste endring Aabrekk gjorde på førsteellevaren i høve til laget som slo LøvHam 2-0 på Fosshaugane i helga.

Kampfakta

Molde - Sogndal 1-3 (1-2)
3. runde i NM

0-1: Barry Kader (5)
0-2: Barry Kader (6)
1-2: Christian Steen (18)
1-3: Ulrik Flo (56)

Lagoppstilling Sogndal:
Piotr Leciejewski, Per Egil Flo, Even Hovland, Lars Grorud, Eivind Daniel Røed, Henrik Furebotn, Ole Jørgen Halvorsen, Elvis, Barry Kader, Espen Olsen, Ulrik Flo
På benken:
Joseph Bendik, Gustav Valsvik, Isak Scheel, Ørjan Hopen, Tommy Øren, Joakim Rudolfsen, Håvard Flo

Lagoppstilling Molde:
Larsen, Paulsen, Steen, Forren, Rindarøy, Hoseth, Holm, Runstrøm, Berget Skjølsvik, Djiby Fall, Johansson.
På benken:
Meidell, Berg Hestad, Thioune, Valderhaug, Simonsen og Mostrøm.