Hopp til innhold

Bustadhus totalskadd i brann

Ein person er send til sjukehus med lettare skader etter at eit bustadhus brann ned på Helle i Naustdal i tysdag kveld. Ei propanflaske eksploderte under brannen.

Video Husbrann på Helle i Naustdal

VIDEO: Brannvesenet makta ikkje å berge huset på Helle ved Førdefjorden.

– Ein mann var i huset då det byrja å brenne. Han har lettare røykskader og er send til Førde sentralsjukehus, opplyser skadestadsleiar, politibetjent Askel Rødland til NRK Sogn og Fjordane.

Politi og brannvesen kjenner seg trygge på at det ikkje var fleire i huset då brannen braut ut litt før klokka 20.20 tysdag kveld.

Eksploderte

Då brannvesenet kom til staden fekk ein beskjed om at det kunne vere eksplosjonsfarleg gass på området.

– Det skal ha vore oppbevart ei propanflaske ved huset. Om dette er av typen som ein nyttar til grilling, eller noko større veit vi ikkje, men brannvesenet prøver å lokalisere denne no, opplyste operasjonsleiar Arild Stokkereit til NRK ved 21-tida.

– Flaska eksplorte under sjølve sløkkingsarbeidet, stadfester skadestadsleiar Rødland.

Gassen utgjer dermed ingen fare for ettersløkkingsarbeidet.

Ukjend brannårsak

Kva som er årsaka til at huset, som ligg nær fjorden på Helle, nokre kilometer vest for Naustdal sentrum, byrja å brenne, veit politiet så langt ingenting om.

Det skal ikkje ha vore fare for at brannen skulle spreie seg. Nærmaste bustadhus ligg ca 80 meter unna.

Brannen blir etterforska av Førde og Naustdal lensmannskontor.

Bustadbrann på Helle

TAPT: Berre deler av sideveggene står att etter bustadhuset.

Foto: Vegar Erstad / NRK